Tilpassing av evolusjonslæra

Når eg les kristne skriv om forholdet mellom tru og naturvitskap, og særleg om forholdet mellom skaping og evolusjon, registrerer eg at det stadig skjer ei tilpassing av skaping og evolusjon. Då er det ikkje berre skapingsfortellinga i 1. Mosebok og den bibelske skapingslæra generelt som vert tilpassa dagens vitskap og den rådande evolusjonslæra. Det skjer like mykje ei tilpassing andre vegen. Evolusjonslæra vert tilpassa Gud som skapar. Det undrar meg, og det heile verkar på meg noko naivt og urealistisk.

Poenget er å få fram at Gud ikkje måtte skapa på seksdagar, men at det er mange andre måtar vi kan tenkja oss at Gud skapte på. Det er i og for seg rett. Vi kan tenkja oss nesten endelaust av måtar Gud kunne gjera saker og ting på, men spørsmålet er korleis Gud faktisk gjorde det. Spørsmålet er også korleis det reelt vert undervist om evolusjonsteorien frå barnehagen til universitetet, ikkje korleis vi kan tenkja oss ein evolusjon. Då er det faktiske forholdet at evolusjonslæra er ei totalforståing av korleis alt har vorte til og korleis alt har utvikla seg til slik det er i dag. Det heile har skjedd på tilfeldig vis ut frå dei innebygde kreftene som ligg i naturen, og som oppstod på tilfeldig måte. Dei mange milliardar år er eit premiss for at tilfeldig utvikling kan ha ført til det mangfaldet og det komplekse systemet vi ser i dag. Vi har jo ikkje døme frå naturvitskapen på at det har oppstått liv eller nye artar, berre på at livet er der og at vi får variasjon innan artane.

I den rådande naturvitskapen og i den framstillinga av evolusjonen som er i alle lærebøker, er det ingen Gud som har sett det heile i gang, som har brukt evolusjon som skaping, eller som styrer utviklinga med mål og meining. Ein kan gjerne hevda at Gud kunne ha gjort det, men det hjelper ikkje unge kristne i møte med den evolusjonslæra dei faktisk vert opplærte i. Gud og kristen tenking har ingen plass i dagens naturalistiske univers, fordi dette er anten teoretisk eller praktisk ateistisk.

Eg synest difor denne tilpassinga av evolusjonslæra til kristen skapartru er dårleg apologetikk, og det er særleg i apologetisk samanheng vi ser dette. Det ville vera betre apologetikk å ta den faktiske evolusjonslæra på fullt alvor og visa kva denne inneber i forhold til kristen tru. Det må ein kunna gjera om ein ikkje er ung-jord-kreasjonist.

Johannes Kleppa