Sekulariseringa og helvete

Dei siste åra har det stått fram stadig fleire prestar og andre teologar som avviser fortaping, og det gjeld nok også mange lekmenn. Pensjonert biskop Tor B. Jørgensen har kanskje vore den mest markante på denne teologiske fløyen. Det har skuffa mange, ikkje minst sidan han har vore misjonær i Japan i fleire år. At den nyåndelege presten Helge Hognestad også avviser fortapinga, kan knapt overraska nokon.

I ein kommentar til nedtoninga og fornektinga av fortaping seier professor Ragnar Skottene ved Universitetet i Stavanger at han har inntrykk av at prestar tier om fortapinga, at han har ein mistanke om at prestane i takt med sekulariseringa i praksis har forlatt læra om to utgangar av livet. Han peikar også på at vi ha fått ei kristendomsforståing utan ærefrykt for Gud (Dagen 8/7).

Eg trur Skottene her treff nokså godt. Sekulariseringa er ei så sterk åndsmakt at det er vanskeleg å halda opp ei klassisk kristendomsforståing der denne kjem på kollisjonskurs med den humanetiske tenkinga som er den ibuande krafta i sekulariseringa. Denne tenkinga er menneskeorientert og dennesidig. Det er ikkje rom for Gud, og i alle fall ikkje plass til ærefrykt for ein heilag og allmektig Gud. Om ein skal rekna med Gud, må han i det minste vera tilpassa mennesket og tena mennesket. Då vert det ikkje rom for ei evig fortaping.

Det presset som kristendommen og forkynninga av Guds ord kjem under, gjeld generelt. Prestane vert likevel på ein særleg måte utfordra av humanetikken og sekulariseringa, fordi dei på ein sterkare måte enn dei fleste av oss på kristendommens vegner møter den sekulariserte nordmannen. Det skjer knytt til dåp, konfirmasjon og vigsel, men særleg knytt til gravferd og ulukker. Når det ikkje er eit kristent referansepunkt i folket fordi kristendomskunnskapen er minimal, vert det nesten umogleg å møta folk med ei lære om og ei forkynning av helvete. Då fell også botnen ut av bodskapen om frelse ved evangeliet.

Sjølv om prestane her nok står overfor ei særleg utfordring, står vi alle som skal forkynna Guds ord over noko av den same problemstillinga. Vi er alle under sekulariseringa sitt tykk. Eg synest for min eigen del at det som gjeld fortapinga, vert stadig vanskelegare å forkynna. Då er det lett å finna grunnar for ikkje å gjera det. Det vil i så fall vera å tilpassa seg den tidsånda som sekulariseringa er uttrykk for.

Johannes Kleppa