Aposteldagen og Peters fiskefangst

I kyrkjeåret er vi no i treeiningstida, der ulike sider ved den treeinige Gud skal forkynnast. Komande søndag er samstundes kalla aposteldagen. Det gjev grunn til ettertanke.

Preiketeksten er om Peter sin underlege fiskefangst, eller rettar Jesu underfulle fiskefangst. Som kjent hadde Peter og medarbeidarane hans hatt ei totalt mislukka fiskenatt. Då byd Jesus dei gjera det ein erfaren fiskar nok ville tenkja var heilt meiningslause; å kasta garnet på djupet midt på lyse dagen. Peter gjorde det likevel, i det han sa: «På ditt ord vil eg kasta garna ut.» Resultatet vart ein kjempefangst, og ei erkjenning av at Jesus er Herre.

Dette var utgangspunktet for Jesu kall av læresveinane sine, av apostlane. Dei var slike som skulle handla på Herrens ord. Ved det ordet skulle dei «fanga menneske», gjera menneske til Jesu læresveinar.

Som kristne har vi alle eit forhold til Guds ord. Det er ved dette ordet vi vert frelste og lever som kristne mennesket. Ordet er nådemiddel som skaper og nærer trua, som rettleiar oss i livet og som utrustar oss til teneste. Samstundes er det slik at apostlane hadde eit forhold til Guds ord som vi ikkje har, men som synest å vera oversett i mykje av dagens teologi og forkynning.

Apostlane stod direkte for Guds åsyn og var openberringsberar eller openberringsformidlarar. Dei mottok ei bodskap frå Herren som elles hadde vore ukjent for oss, og som hadde gjort at evangeliet og frelsa også ville ha vore ukjent. Denne kunnskapen har dei formidla til oss gjennom det dei har skrive i NT. Den kunnskapen apostlane fekk som openberring, finn vi ingen andre stader enn i det apostoliske ordet, altså i NT – som vi finn den profetiske openberringskunnskapen i GT. Denne kunnskapen er fullt påliteleg, nettopp fordi det dreier seg om openberring – og med det er Guds eige ord.

Det vil vera godt om aposteldagen vert brukt til å oppjustera apostlane sin funksjon til det han er. Då vil ein også oppjustera den apostoliske bodskapen og Bibelens ord til det forpliktande ordet det er, og evangeliet til nådemiddel.

Johannes Kleppa