Under Sarepta si bibelhelg på Bygland heldt professor Njål Skrunes tre solide og aktuelle bibeltimar om Guds forsamling – eller på bokmål: Guds menighet – ut frå Guds ord. Han fokusert særleg på forkynning og opplæring, misjon og diakoni. Mange gav uttrykk for takksemd for desse timane, og eg trur temaet er svært aktuelt med tanke på situasjonen i norsk kyrkjelandskap og arbeidet på bedehuset. Det vil vera ein god idé å ha bibelhelger rundt om med dette temaet. Skrunes har skrive ein lengre artikkel om «Bibelske ideal for bedehusmenigheten», som er å finna på Tankesmia Bedehusforsamlingar si heimeside, www.forsamling.org.
Eg vil løfta fram eitt moment Skrunes la stor vekt på i sine timar, at Guds forhold til og gjerning overfor mennesket er knytt til Ordet, slik det kjem til oss i Bibelen og forkynninga. Ordet er openberring, og utan denne openberringa ville den sanne Gud og hans evangelium vore ukjent for oss. Vi kunne hatt kjenneskap til yttersida av Gud og Guds gjerning, men ikkje innsida. Substansen og bodskapen ville vore ukjent, og med det hadde det ikkje vore noko skaparmiddel eller feste for trua.
Skrunes omtalte Ordet og openberringa, og med det forkynninga og undervisninga, som brua mellom Gud og mennesket. Han understreka at denne brua brukar Gud for å koma i kontakt med oss og gje oss del i evangeliet og frelsa. Det er lett å tenkja motsett, at Gud har laga ei bru som vi skal gå på for å koma i kontakt med Gud. Då er det viktig å hugsa at evangeliet har alltid retning frå Gud til oss. Det dreier seg alltid om Guds gjerning, i skapinga så vel som i frelsa.
Skal Gud kunna bruka Ordets bru for å nå mennesket til frelse, må Ordet forkynnast. Det er ved å høyra Ordet at det opprettast ei bru frå Gud til den einskilde. Dette er grunnen til at misjon er avgjerande viktig – i Noreg som i Spania, og til endane av jorda.
Johannes Kleppa
Bilde: Njål Skrunes