Nåde for 2016 og 2017

Nyttårskvelden var eg på gudsteneste, og der innleia presten med at det som ligg i ordet «nåde», er sentralt ved eit årsskifte. Vi treng nåde for å dekka over det som ligg bak, det som høyrer 2016 til, og vi treng nåde for å kunna sjå framover med frimot og møta 2017 på rett vis. Det er ei rett og god påminning ved inngangen til eit nytt år.

Eg la denne gongen også særleg merke til at i syndsvedkjenninga var det i tillegg til det som gjeld aktive synder som spring fram av vår syndige natur, også nemnt unnlatingssynder – det vi skulle ha gjort, men ikkje har gjort. Det er eit svært viktig perspektiv på synda og nåden. Det er rett med tanke på året som ligg bak, men det er samstundes svært aktuelt med tanke på den tida vi lever i.

Synde er synd, anten det er gjerningssynder eller unnlatingssynder – og all synd spring fram av vår syndige natur, det syndefordervet som vi arva frå Adam. Ulike tidssituasjonar og ulike ytre livsvilkår aktualiserer og aktiviserer til ei viss grad ulike synder. Då trur eg det er slik at for det året som ligg bak, er det enda fleire unnlatingssynder å svara for, enn gjerningssynder. Forsømingane er truleg større enn det vi aktivt har gjort, men dei kan vera vanskelege å oppdaga, og vi vert i liten grad anklaga for dei. No skal vi sjølvsagt vera varsame med å setja opp mot kvarandre synder på denne måten, men nokre gonger kan det vera nødvendig for å få fokus på det som elles lett går under radaren.

Vi lever i ei materialistisk tid med mykje ferie og fritid. Det gjev gode vekstvilkår for egoismen og sjølvdyrkinga. Vi brukar tid og pengar på oss sjølve, framfor på nesten – særleg framfor på vår globale neste. Vi er så opptekne med vårt at vi ikkje oppdagar vår einsame nabo, og er så opptekne med å byggja vårt eige at vi ikkje ser vår neste i den tredje verda som svelt og er undertrykt – og som er utan evangeliet.

Vi treng nåde for det som vart ugjort i 2016, som for alt det vi gjorde som var smitta av synd. Samstundes treng vi nådens opplysning og oppdragande makt for å sjå og handla rett i 2017.

Johannes Kleppa

 

 

 

Bildet er hentet fra N.R.K Urix .. på nettet