Kva er rett og kva er galt?

“I idretten har ein av rettferdsomsyn vorte samde om at det er galt å dopa seg, men spørsmålet er kva som er doping.”

Ein kan gjera seg mange tankar om mangt og mykje her på jorda! Det gjeld også i spørsmålet om kva som er rett, og kva som er galt. Frå ei side sett, og i dei grunnleggjande spørsmåla, er svaret avgjort ein gong for alle i den openberringa vi har fått frå Gud i Bibelen. Det gjeld særleg dei ti boda. Her finn vi dei overordna normene for Guds vilje, og med det for kva som er rett og galt. Det vil alltid vera forpliktande, i alle kulturar og til alle tider.

Mykje er like fullt overlete til fornufta vår. Det ser vi på mange område i dagleglivet, slik som i politikken og i samfunnslivet, og i idretten med sine konkurransereglar. I idretten har ein av rettferdsomsyn vorte samde om at det er galt å dopa seg, men spørsmålet er kva som er doping. Og er alt som ikkje tydeleg er definert som doping, moralsk rett, sjølv om det kan vera lovleg jurdisk sett? Dette føregår det ein debatt om for tida. Det er knapt noko fasitsvar her.

Kva som er rett og galt i samfunnet, har variert mykje opp gjennom tidene her i landet. Det vert avgjort av kva lover, reglar og forskrifter styresmakta gjev oss, slik som i reguleringssaker og forretningsdrift. Tidlegare hadde vi svært få reglar som definerte kva som var rett og galt i samfunnet, og det som ikkje var forbode, rekna ein var lovleg. No er det nesten motsett. Dersom noko ikkje er sagt å vera lovleg, reknar vi det helst som ulovleg. Denne endringa ser vi til dømes i lover for jakt og fredning. Tidlegare var det lovleg å skyta alt, bortsett frå det som var freda. No er i prinsippet alt freda, og du kan berre jakta på det som det i lova er gjort unnatak for.

Vi har eit svært lovregulert samfunn her i landet, og vi har lært oss til å tenkja at det staten seier er lov, er rett, og alt anna er galt. Slik var det altså ikkje før, og slik er det ikkje i alle andre land. Der er det gjerne slik at det staten ikkje har sagt noko om, det er lovleg – og med det rett. I Sarepta opplever vi noko av denne problematikken når vi skal arbeida i Spania, og kjøpa eigedom eller byggja der, og når vi skal oppretta ein eller annan type selskap for å driva arbeid der. Reglane er ofte svært annleis enn i Noreg, og til tider er det vanskeleg ut frå vår tenking å finna ut kva som er rett og galt.

Styresmakta er ikkje ufeilbarleg på den måten at dei lovane som vert vedtekne er rette, det ser vi hjå oss tydeleg ved abortlova og ekteskapslova. Styresmakta er heller ikkje ufeilbarleg når det gjeld ulike typar reguleringar i samfunnet, det ser vi ved at desse stadig vert endra og er ulike frå land til land. Samstundes er det slik at styresmakta er ei Guds ordning som vi skal lyda (Rom 13), så sant ikkje ho byd oss å synda eller hindrar oss å gjera Guds vilje – og difor må vi lyda styresmakta både i Noreg og Spania, endatil når vi då må opptre ulikt i dei to landa!

Johannes Kleppa