Staten og den store trussamtalen

«Startskudd for den store trossamtalen» er ei overskrift frå Dagen tysdag 13. september. Det er kulturminister Linda Hofstad Helleland som vil ha ein slik trussamtale og som avfyrer startskotet. Dette er eit ledd i å utforma statens trus- og livssynspolitikk. Denne samtalen skal med det han ein politisk funksjon. Kva skal vi tenkja om ein slik samtale, og at det er ein samtale på oppdrag frå staten?

Generelt bør staten blanda seg minst mogleg inn i alt som har med religion, tru og livssyn å gjera. Styresmakta har på dette område i prinsippet berre ei oppgåve, å sikra trusfridomen – og med det også ytringsfridomen og forsamlingsfridomen. Staten trur ikkje, og skal ikkje ha noko trusutøving. Vi har like fullt ei lang tradisjon her i landet med ein offentleg religion, ei stats- og folkekyrkje. Det treng ikkje vera noko problem, om staten ikkje opptrer med makt i høve til å delta i utøvinga av statens religion, men reknar denne som norm for samfunnet ut får at fleirtalet ønskjer det slik. Då må alternative religionar og livssyn behandlast likt med statens. Ved at Den norske kyrkja no formelt ikkje er uttrykk for statens religion (statskyrkje), men for folkets tru (folkekyrkje), må andre trussamfunn og livssyn behandlast likt med folkekyrkja.

Det er greitt med ein trussamtale som avklarer korleis dette skal fungera, men slike samtalar har ein tendens til også å innhaldsbestemma tru, religion og livssyn, og då korleis dette bør vera og kva som er akseptabelt. Då vert all religion sett på ei line, og all truspraksis sett på ein formel. Det vert det same om det dreier seg om kristendom eller islam, sjølv om det er innbyrdes diametralt motsette religionar. Då kjem også IS-soldatane og Moder Theresa si trusutøving på same lina, og fundamentalisme er fundamentalisme anten det er valdeleg politisk ideologi i islam eller fredeleg bibeltolking i kristendommen.

For å grunngje trussamtalen seier ein gjerne ved Venstres Sveinung Rotevatn at «mangfold er ikke en trussel, men en berikelse». Det er av den overflatiske, fordummande og forførande tenkinga som set alt på ei line. Det var ikkje mange her i landet som under siste verdskrigen meinte det nazistiske livssynet var «en berikelse» fordi vi med det fekk eit visst mangfald i høve til den gjengse oppfatninga av kristendommen. Sjølv om vi ut frå trusfridomen må gje rom for islam, kan eg ikkje sjå det som «en berikelse» for samfunnet i høve til kristendommen. Det same gjeld i ulik grad alle religionar og livssyn som står kristendommen imot.

Katolikken Ingrid Rosendorf Joys påpeikar at vi kanskje er litt for gode på «likhet» her i landet, og at vi treng strukturar for å «kunne leve sammen i ulikhet». Det har ho eit poeng i. Det er ulikskapen som er saka!

Johannes Kleppa