Gud og krig i GT

Det er mange som har problem med det som står om krig og dom i GT, særleg at det vert befalt av Gud. Det vi kallar Herrens krigar er berre omtalt fram til Israel har innteke Kanaan. Etter det er det Israels krigar, og desse krigane må vurdast som andre krigar.

Når det gjeld Herrens krigar og Herrens domshandlingar, må vi ta desse på alvor. Vi kan ikkje unnskylda dei, bortforklara dei eller oversjå dei. Det er reelle hendingar som har skjedd på Herrens ordre, og med det er dei del av frelseshistoria. Det å forstå desse krigane er ikkje enkelt, men det er heller ikkje umogleg. Dei kan ikkje forklarast i ein kort artikkel, men eg vil gje nokre setningar som utgangspunkt for å arbeida med spørsmålet.

Det vi må ha som utgangspunkt for tenkinga her, er at Gud er rettferdig som person og difor også rettferdig i all si handling. Det som skjer, er altså rettferdig – sjølv om det ikkje ser slik ut for oss. Det at Gud er rettferdig og at Guds rettferd overgår vår rettferd, er ein trusposisjon. Med det som utgangspunkt kan vi gje fylgjande skisse som ramme om tenkinga vår:

  • Gud handlar alltid i historia, og med det handlar han ut frå dei historiske føresetnadene som er til ei kvar tid. Det gjeld også krig og straff.
  • Openberringa i GT er det vi kallar «framadskridande», altså at openberringa alltid er ei og sann, men at ho vert tydelegare etter kvart. Det gjeld også for etiske spørsmål. Det er som når lyset renn om morgonen, frå skumring til høglys dag – lyset er det same heile tida, men styrken er ulik.
  • Den første tida av Israels historie var teokratisk, altså gudstyrt, slik at Gud handlar direkte. Det var også eit samanfall mellom Israels historie og frelseshistoria. Slik er det ikkje lenger, fordi frelseshistoria er oppfylt i Kristus, og Gud styrer no gjennom det åndelege og verdslege regimentet.
  • Gud må hindra at synda og vondskapen får utvikla seg til det stadig verre, og det gjer han i Israels tidlege historie gjennom krig og dom, og han gjer det delvis slik framleis. På denne måten set han også vern om sitt eige namn og sann gudsdyrking, og hindrar avgudsdyrking.
  • Bibelen talar om eit syndemål, og når det er fullt, handlar den rettferdige Gud med dom. Vi kan ikkje sjå når syndemålet er fullt, men det ser Gud.

Totalt sett er altså Herrens krigar og Herrens domshandlingar i GT uttrykk for den rettferdige Guds handling og for openberring av den heilage Gud, og med det står det i siste instans i frelsa si teneste.

Johannes Kleppa