Fylte av Anden med Kristus

I etterkant av pinsehelga kan det vera nyttig å reflektera litt over kva det betyr å vert «fylte av Anden». Det er eit uttrykk vi finn i Bibelen, og det er ei formaning til oss å verta det. Då kan vi starta med det som skjedde pinsedag, ved Andens kome til jorda som oppfylling av Jesu lovnad. Pinse er ei frelseshistorisk hendig på line med jul, påske og Kristi himmelfartsdag. Det dreier seg altså om ei eingongshendig, ei historisk hendig som står i rekkja av dei andre frelseshistoriske hendingane.

Det at pinse er ei frelseshistorisk hendig seier oss noko avgjerande om Anden. Han kom til jorda som person, som Jesus kom juledag. Og som Jesus kom for å utføra frelsesverket, kom Anden for å formidla dette til oss. Det svarar til at Jesus sa at Anden ikkje skulle tala av seg sjølv, men han skulle ta av Jesus sitt og forkynna det (Joh 16.13f). Det var nett det som skjedd pinsedag. Då Anden kom, forstod folket med det same ikkje kva som skjedde, men Peter forklarte straks at det var oppfylling av lovnaden hjå Joel om at Anden skulle rennast ut over alt kjøt. Meir sa ikkje Peter om Anden, men han gjekk over til å tala om «Jesus frå Nasaret», og folk kom til tru på han (Apg 2,14ff). Med det fekk Anden gjera si gjerning, han tok av Jesus sitt og gav til folket.

Eg har aldri baka ei kake, og eg har lite og ikkje greie på den slags, men eg har sett at kona bakar kaker. Då har eg registret at nokre gonger brukar ho ei kakeform som ho fyller med med saker og ting. Då er kakeforma fylt av henne, men ho har ikkje stige opp i kakeforma sjølv. Ho har fylt forma med det som skal vera innhaldet i kaka. Bibelen seier at vi som Guds folk er eit kar, altså ei slags form. Dette karet fyller så Anden med Kristus. Han tek av Jesus sitt, og då særleg ordet om krossen, og fyller oss med det. Det er å vera åndsfylt, fylt av Jesus Kristus og alt hans.

Johannes Kleppa