Den eine Gud og frelsa

I 1989 var eg på ein stor misjonskonferanse i Manila i regi av Lausannerørsla. Det var svært lærerikt, og det feste seg fleire inntrykk frå konferansen. Det ein var understrekinga av at i tida framover kom kampen i teologien i stor grad til å stå om misjonsteologien, og då spesielt om Jesus som eineståande og den einaste med tanke på frelsa. Det har til fulle gått i oppfylling.

Seinast i Dagen for 12. februar var det ein reportasje med tittelen «- Vi er kommet nærmere buddhismen». Det dreidde seg om eit meditasjonsprosjekt i regi av Aeropagos, som er ein misjonsorganisasjon som legg hovudvekta på dialog. Tanken er at sidan Gud er ein, vil folk som søkjer den eine Gud, finna fram til han. Det skjer på ein spesiell måte gjennom meditasjon. Søkjer ein sanninga, er det sanninga ein finn fram til. «Jeg finner Kristus mye lenger ut i troslandsskapet enn jeg gjorde før,» er det ein kvinneleg misjonsprest som seier knytt til meditasjonspraksisen. Ein tenkjer seg altså at ein kan møta Kristus direkte, det vil seia utanom Ordet i Skrifta.

Det er to store problem og svikt i den tenkinga som seier at sidan Gud er ein, vil det alltid vera han mennesket finn når ein søkjer etter den sanne Gud. Det eine er syndefallet, og det andre er Ordets openberring. Syndefallet førte med seg åndeleg blindskap, slik at ein alltid søkjer i retning ein avgud. Skrifta seier at denne verdens gud har formørka menneskets sinn, slik at ein ikkje ser lyset frå evangeliet. Om ein søkjer via meditasjon eller på anna vis, finn ein altså ikkje fram til den sanne Gud via Jesus Kristus.

Skal vi finna Israels Gud, vår Skapar og Frelsar, må det skje via openberring, og denne openberringa har vi berre i Skrifta som viser oss Jesus Kristus. Det er berre ved Ordets openberring vi finn han, og med det kjem til den sanne Gud – og difor er det avgjerande viktig at Ordet vert forkynt og høyrt. Det er slik vi får del i Jesus og frelsa.

Johannes Kleppa