KrF – konsekvens og integritet i politikken

Det har skapt debatt at familiepolitisk talsmann på Stortinget for Kristeleg Folkeparti (KrF) har «vigsla» eit likekjønna par. Det gjeld partiets kommunikasjonssjef og hennar partnar. Dette seier nokså mykje om situasjonen i KrF, utan at eg skal gå vidare inn på det her. Derimot vil eg kommentera forholdet mellom partiets standpunkt og handlingsrommet til stortingsrepresentantane.

Når det kjem opp debatt om KrFs standpunkt i etiske spørsmål, altså der Bibelen og kristen etikk har relevans, vert det ofte sagt frå KrF-leiinga at ein ikkje må blanda kristendom og politikk, og at ein må hugsa at KrF ikkje er ei kristen forsamling («menighet»). Det siste er så sjølvsagt at det berre forvirrer når det vert sagt. Det første er ei sanning med store reservasjonar. Når vi talar om dei to regimenta, det åndelege og det verdslege, er det ikkje slik at det siste er heilt løyst frå Guds ord og kristen tenking. Begge regimenta er Guds, det er Guds styremåtar for frelse og livet her på jorda. Då vil Guds ord ha relevans i begge regimenta, der Guds ord uttalar seg.

Det er udiskutabelt at Guds ord uttalar seg om ekteskapet, og det er umogleg å finna bibeltekstar som talar om likekjønna ekteskap. Derimot er det ikkje vanskeleg å finna bibeltekstar som talar mot homofilt samliv. Dette må få konsekvensar både for lovgjevinga som det verdslege regimentet står for, og for forkynninga som det åndelege regimentet tek seg av – ut frå at begge regimenta er underlagt Gud og hans vilje.

I ekteskapslovgjevinga har KrF til no teke dette på alvor, og røysta difor samla mot den kjønnslikegyldige ekteskapslova. Etter kvart har det vore ei utvikling i partiet og endringar i ordlyden i partiprogrammet, som har svekka denne posisjonen. Denne svekkinga får ei dramatisk omdreining ved den familiepolitiske talsmannen sin opptreden. Han utfører no handlingar som undergrev partiets standpunkt, og si eige røystegjeving i Stortinget. Det er grunn til å merka seg at han grunngjev dette blant anna med at det har vore ei utvikling i partiet etter at den nye ekteskapslova vart vedteken.

Handlemåten vitnar om mangel på konsekvens i eit politisk verdispørsmål. Når det vert vist til at han ikkje gjer dette som storingsrepresentant, men at han handlar ut frå sitt personlege skjønn og som prest, vitnar det om manglande integritet i politikken. Begge delar undergrev tilliten til partiet, og partileiinga sitt forsvar for handlemåten, forsterkar tillitstapet hjå bibelforplikta kristne.

Johannes Kleppa