Den første talarstolen

På Centro Sarepta går vi for tida gjennom stoff som er knytt til Israels eksil i Babylon. Der var dei 70 år på grunn av syndene sine. Dei vende ikkje om trass i radikal lov- og domsforkynning frå Jeremia og andre profetar. Det førte til at Guds dom kom over folket ved at templet var øydelagt, Jerusalem lagt i ruinar, landet kom under framand makt, dei hadde ikkje lenger hadde ein konge av Davids ætt og dei vart drivne bort frå lovnadslandet. Det var Israels største krise.

Herren hadde likevel ikkje forlate dei. Han hadde framtidsplanar for folket, og som han brukte heidenske kongar til å straffa dei, brukte han også heidenske kongar til å føra jødane heimatt og byggja oppatt templet og byen.

Då både templet og bymuren var attreist, henta dei fram boka med Moselova (Neh 8), og heile folket samla seg som ein mann for å høyra henne lesa opp. Det vert opplyst at den skriftlærde Esra «stod på ein tram av tre som dei hadde reist til det». Dette skal vera den første talarstolen vi høyrer om i GT, og med det den første talarstolen der Guds ord vart forkynt.

Seinare har det vorte reist mange talarstolar, men bodskapen som har vorte forkynt, har variert voldsomt. Det avgjerande for at det skal vera ein kristen talarstol, er at det vert forkynt i samsvar med Guds ord, slik dette møter oss som openberring i Bibelen. Israelfolket hadde på Esra si tid den openberringa som Moselova er, men vi har fått ei openberring med enda meir himmelsk lys – Ordet om krossen. Det er denne openberringa Sarepta vil møta folk med.

Ved heimkomsten frå Babylon vart det ein møtestad ved den første talarstolen mellom folket og Guds ord, og slike møtestader er det Sarepta vil laga kor vi kan. Det at det vart laga ein tram, ein talarstol av tre, var for at folk skulle få høyra godt det som vart lese, og den forklaringa av lova som vart gjeven. Av same grunnen er talarstolen på bedehusa og i lutherske kyrkjer plassert sentral og synleg, slik at folk skal vera opptekne med Ordet og forkynninga. Guds folk er Ordets kyrkje.

Om vi ikkje alltid har ein slik godt synleg talarstol, må vi alltid syta for at Ordet lyder tydeleg, slik at folk kan få tak i det Ordet som er til frelse og nytt liv.

Johannes Kleppa