Studentar og kristen tenking

Enjoying living in digitl age. Group of young people using different gadgets while sitting close to each other in a row

Dei fleste ungdomar i dag studerer kortare eller lengre tid ved universitet og høgskular. Studietilboda er legio, men det som er felles, er at alt som skjer på høgskule- og universitetsnivå, er frikopla frå kristen tenking – bortsett frå dei kristne høgskulane. All profan utdanning er basert på ei naturalistisk tenking. I mange fag spelar ikkje dette så veldig stor rolle, men i andre vil det prega undervisninga. Uansett vert ikkje fag og yrke sett inn i eit kristent perspektiv.

Det livsyn, det verdisyn og den ideologi som råder ved studiestadene bør alle vera merksame på, og kristne ungdomar må ta høgde for dette. Skal ein vera heilstøypte og integrerte kristne, må eins kristne tru integrerast i studie og yrke. Dersom ein ikkje er seg dette medvite, vil ein koma til å tenkja som ein lærer i studia, altså lausrive frå Gud og kristen etikk. Den tidlegare redaktøren i Dagen, Arthur Berg, kalla dette for «praktisk ateisme», altså at ein med tanke æva trur på Gud, men i det daglege tenkjer og lever ein som om Gud ikkje finst.

Det å ta eit år på bibelskule før ein byrjar sine høgskule- og universitetsstudie, kan vera ei god investering med tanke på å kunna møta studia og faga med kristen tenking. Når eg har undervist på bibelskule, har eg prøvd å få med dette perspektivet. Eg har oppmoda dei unge til å samla seg god kristen kunnskap og mykje allmenn kunnskap, men la den kristne tenkinga ut frå Guds ord få kasta lys over all anna kunnskap. Daniel og vennene hans er eit godt døme i denne samanhengen. Dei studerte ved det beste universitetet i Babylon, samstundes som dei tok mot openberring frå Gud, altså lytta til Guds ord, og vart ti gonger visar enn sine medstudentar (Dan. 1).

I Sarepta har vi eit god tilbod på dette området. Vi innbyd unge til å bruka Centro Sarepta som studiebase. Der kan ein då fylgja tre timar for dagen med bibelundervisning, truslære og andre teologiske fag. Resten av dagen kan ein bruka til nettbaserte studier. Slike studier er det no svært mange tilbod om, og då er ein ikkje avhengig av å vera på ein bestemt lærestad. Vel ein å studera kristendomsfag, vil ein få mykje «gratis» ved undervisninga på senteret.

Vi vonar unge kristne vil nytta seg av dette tilbodet, der dei samstundes får vera i eit internasjonalt miljø og vera del av eit misjonsarbeid overfor spansktalande. Vi oppmodar kristne foreldre, lærarar og ungdomsleiarar til å tilskunda unge til å velja dette alternativet.

Johannes Kleppa

 

 

 

Bilde: Fotolia