Påskebodskap og misjon

Tomb Empty With Shroud And Crucifixion At Sunrise - Resurrection Of Jesus

I etterkant av påskehelga kan det vera nyttig å reflektera litt over kva påskebodskapen har å seia for det kristne arbeidet – for forkynning, forsamlingsbygging og misjon. Det er klart at påskeevangeliet er heilt avgjerande på det personlege planet med tanke på frelse, men vi bør få med oss omfanget i det som skjedde i påskehelga.

Apostelen Paulus skriv at vi vert frelste ved å halda fast på at Jesus døydde etter Skriftene, at han vart gravlagd og at han stod opp etter Skriftene (1 Kor 15, 1-8). Vi kan undra oss over at når Paulus i kortform summerer opp det evangeliet han forkynner, så tek han med at Jesus vart gravlagd. Vi skulle kanskje tru at det var viktigare ting å ta med, som at Jesus er sant menneske og sann Gud.

Når vi les evangelia, kan vi leggja merke til kor detaljert det er fortalt om Jesu gravlegging. Det er nok for at det skal stadfestast at Jesus døydde reelt på kross, og at hans oppstode er like reell. Gravlegginga framhevar at døden og oppstoda er historiske fakta, noko som skjedde på ein bestemt stad til ei bestemt tid. Når så vårt forhold til Jesus skal utfaldast, vert det sagt at vi vart «gravlagde med han», for å få fram at vi reelt har del i Jesu død og oppstode (Rom 6, 3-5).

Vi skal forkynna det same som apostlane, og då må påskebodskapen vera det sentrale og berande i all forkynning og undervisning. Det skal skje på ein slik måte at heile Guds råd og vilje vert forkynt, i det vi ikkje veit noko anna enn Jesus Kristus, og han krossfest.

Apostelen Johannes understrekar at påskebodskapen gjeld alle menneske, ved at Jesus er «ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men og for alle i heile verda» (1 Joh 2,2). Her ligg sjølve misjonsbodskapen og misjonsordren i eit nøtteskal og som prinsipp. Forsoningsverket og menneskenaturen svarar til kvarandre, og gjer at påskebodskapen må forkynnast for alle folkeslag og for kvart menneske.

Johannes Kleppa