Kristen einskap og sanninga

I samband med at Kyrkjemøtet (KM) no gjer vedtak om å innføra kyrkjesplittande vranglære, har det paradoksalt noko vore ein god del fokus på kristen einskap – frå begge sider i denne saka. For dei som går inn for «vigsel» av likekjønna par, er jo ikkje dette noko problem, fordi dei ikkje reknar saka som kyrkjesplittande, ut frå at dei meiner det ikkje er i strid med evangeliet og med det ikkje har med frelsesspørsmålet å gjera.

For dei som meiner likekjønna «ekteskap» er i strid med Guds ord, stiller saka seg annleis. For dei som er for det vedtaket som forrige KM gjorde, ut frå den argumentasjonen at saka ikkje er kyrkjesplittande, og at det difor er mogleg å leva med dei to «syna» samstundes, er det nokså naturleg å argumentera for einskap, og med det for at alle skal halda fram både som medlemmar og tenarar i Den norske kyrkja. Med tanke på medlemskap og teneste er spørsmålet langt vanskelegare for dei som meiner det dreier seg om kyrkjesplittande vranglære, men også frå ein del av desse vert det argumentert for å halda saman ut frå den kristne einskapen – i kjærleik, om enn i smerte og under krossen.

Til tider synest eg argumentasjonen vert i meste laget kreativ, og slik at ein i røynda aksepterer rom for vranglære, berre ein får fridom for seg sjølv og klassisk lære om ekteskapet. Då synest nokre gonger einskapen og kyrkjeordninga å trumfa sjølve saka og vranglæra. Ein gjev vranglæra prinsipielt rom, så lenge ein får formelt rom for den sanne læra.

Det vert vist til ordet om at vi skal vera sanninga tru i kjærleik, men tolkinga og praktiseringa av det vert lett at kjærleiken overkjører sanninga. Det vert også argumentert med at vi må sjå einskapen i lys frå krossen, og med det leva saman på ein raus og forståingsfull måte. Det er rett at vi i alle ting må leva under krossen, og med det i Guds tilgjeving og i tilgjeving overfor kvarandre, men ikkje slik at evangeliet på sett og vis glattar over synd og vranglære.

Vi bør dessutan merka oss at i det kapitlet (Joh 17) der Jesus talar mest om einskap, både mellom seg og Faderen og mellom Guds folk, er fokuset på sanninga – ikkje på kjærleiken eller krossen. Det er etter at Jesus har bede sitt for Guds folk: «Helga dei i sanninga! Ordet ditt er sanning.», og han har forkynt: «Og eg helgar meg for dei, så dei og skal vera helga i sanning.», at han bed om at Guds folk må vera eitt – slik han og Faderen er det. Det er sann einskap.

Johannes Kleppa

 

Bilde hentet fra a.posten nett med teksten: «Helga Haugland Byfuglien, preses i Den norske kirke, bifaller at kirken vier homofile».