Lidinga og den suverene Gud

Denne veka har eg vore på Fjellheim Bibelskole og undervist frå Jobs bok. Det er ei bok med mange perspektiv og ein sterk bodskap. Det er ei bok til djupare erkjenning av kven Gud er, og til trøyst i liding. Boka løyser ikkje problemet med det vonde og lidinga på eit teoretisk plan, ho «løyser» det på eit praktisk plan ved at ho lærer oss at Gud er suveren, og at han har alt i si hand – også lidinga og det vonde, og med det oss på vonde dagar. Gudsnamnet Den allmektige er brukt 31 gonger i Jobs bok, medan det i heile resten av GT er brukt 17 gonger. Det viser oss at det vi lærer av Jobs liding fører oss til Den allmektige, og let oss vera i hans hender.

Jobs venner tenkte om liding og ulukke slik det var vanleg på den tida, og slik det var vanleg på Jesu tid – og slik det er svært lett å tenkja i vår tid. På den måten tenkte i utgangspunktet Job og Jesu læresveinar også. Det er ein tenkjemåte som seier at eit rettferdig og gudfryktig liv i tru på Gud fører lukke, glede og velsigning med seg – og der dette finst, viser det at det er eit rett liv med Gud. Synd, gudløyse og mangel på tru på Gud fører liding og ulukke med seg – og der ein finn det, vitnar det om synd og vantru. Då må det omvending til for at gleda, lukka og velsigninga skal venda attende.

Dette skjema eller denne læra heldt Jobs venner framfor Job med styrke. Problemet for Job var at det ikkje stemte for livet hans. Det var korkje ytre synd eller indre fall i livet hans som kunne forklara den endra som brått skjedde – og det vert stadfest av den måten Gud omtalar Job på. Dette førte Job inn i djup anfekting, og det førte han inn i intens bøn der han også gjekk sterkt i rette med Gud – særleg for at Gud ikkje svara han, men heller skjulte seg for han.

Resultatet av det heile var at Gud openberra seg for Job, særleg via skaparverket, på ein slik måte at Job måtte erkjenna at Gud er fullstendig suveren i alle ting. Han er allmektig og har kontrollen med absolutt alt. Når det er slik i naturen, er det slik også i det einskilde menneskets liv – og då har Gud kontrollen også med det som rammar oss av ulukke og liding, og han brukar det til å lutra trua vår og føra oss inn i eit djupare gudsforhold.

Johannes Kleppa