Sevilla

Sevilla

Torsdag var meir enn 900 nordmenn i Sevilla for å støtte Molde i kampen mot Sevilla. Blant desse var og to frå teamet. Underteikna vart att til søndag for å vere med på ei samling med menigheita der, og dele ut andaktsbøker. (lita luthersk menigheit)

På samlinga var det dei 3 pastorane i Sevilla som var samla med familien sin. Det var lese frå Lukas 13,34 og delt vitnesbyrd. «Kor ofte eg ville samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje». 

Jesu døyde for oss for at vi skulle leve, og lot all Guds vrede kome over seg sjølve. Tenk at han gjorde det av eiga, fri vilje. Men som i Jerusalem, så er det mange som ikkje vil søkje ly under hans venger. Be for våre brør i Sevilla, at dei må vere sterke i trua, og som Andreas føre folk til Jesus.

– Hallgrim –