Julefortellinga – formfullendt og historisk

Når vi les julefortellinga i Bibelen stig ho fram for oss som ei komplett historie, formfullendt og historisk påliteleg. Ho stig ikkje fram som eventyr eller myte, men som historisk hending – som sanning. Det er sagt kven foreldra til barnet var, kven som styrde på den tida og kva by det skjedde i.  Det heile er knytt til noko så jordnært, byråkratisk og historisk som ei folketelling. Han som skriv, Lukas, seier at alt han skriv i evangeliet og i Apostelgjerningane har han undersøkt nøye.

Julefortellinga stig også fram som ei fin og spennande historie, godt fortalt og med mange aktørar og hendingar. Her er barnet og foreldra, gjetarar og dyr, herberge og fødestad, vismenn og gaver – ei dramatisk flukt til Egypt og kriminelt drap av små barn. Midt oppe i dei mange elementa, er det likevel ei tydeleg fortelling med ein bestemt bodskap – Guds Son, Messias, Frelsaren er fødd!

Det merkelege er at midt oppe i denne formfullendte og pålitelege historia, er det fleire element som vi ikkje veit greie på. Vi veit ikkje når på året Jesus vart fødd, og heller ikkje sikkert årstal. Vi seier Jesus vart fødd i ein stall og lagt i ei krybbe, men vi veit ikkje sikkert kva husvære det var og kor han vart lagt. Vi veit heller ikkje kven vismennene var, kor mange dei var, kor dei kom frå eller når dei kom. Med det veit vi heller ikkje nøyaktig når Josef måtte flykta til Egypt med sin vesle familie. Stjerna på himmelen vert også diskutert. Alt vi ikkje veit, rokkar – merkeleg nok – likevel ikkje ved fortellinga og historia, fordi bodskapen er så tydeleg og oppfyllinga av lovnadene frå GT er like tydeleg.

Det er ikkje noko nytt at vi ikkje har sikker kunnskap om alle elementa i julefortellinga, men fortellinga har likevel stått seg i 2000 år, og ho fungerer overtydane inn i alle kulturar og i alle tidsepokar. Det dreier seg nemleg om openberring av Guds frelse. Paulus seier at då tida var fullkomen, sendte Gud Son sin til jorda, og Simeon i templet seier ved synet av det vesle barnet, at no kan Gud la han fara herifrå i fred, fordi han har sett Guds frelse.

Den som har ført julefortellinga i pennen, er lege, ikkje historikar, men det viser seg at Lukas er historikar framfor nokon i antikken. Han seier ikkje berre at han har undersøkt alt nøye, men han skriv også svært detaljert om stader, folk og personar, særleg i Apostelgjerningane. Det har vorte hevda at alt ikkje kan stemma, fordi vi ikkje har hatt andre kjelder til å stadfesta historisiteten.  No er dette annleis.

Historiske og arkelogiske undersøkingar har stadfesta 43 utsegner hjå Lukas, og det er ikkje påvist nokon feil. Ein fagmann på området seier: «Historisiteten til Apostelgjerningene er fastslått ved overveldende bevis. Slike mengder av detaljerte bekreftelser eksisterer ikke for noen annen bok fra antikken.» Historikarane er samstemte i denne dommen, og det gjeld også evangeliet. Det er greit å vita, at Lukas er ein historikar av første klasse, men det er enda viktigare at han er Guds reiskap til å formidla openberring – slik at vi ikkje berre får kunnskap om at Jesus vart fødd, men at han vart fødd for å frelsa oss frå syndene våre!

Signerik julehelg!

Johannes Kleppa