Korona og dødsforakt

«Jeg savner en forståelse av troens betydning i mange menneskers liv. IKEA har hatt åpent hele tiden», seier nonne Anne Bente Hadland med tanke på koronatiltaka. Ho meiner stengte kyrkjer er overdrevent. For ein katolikk opplevest nok dei strenge restriksjonane for bruk av kyrkjer under koronapandemien enda sterkare enn for ein lutheraner, fordi katolsk trusliv i stor stor grad er knytt til messa. (Dagen 11/12)

Den markante nonna meiner det «blir for mye trygghet og tillit til staten i møte med pandemien», og ho etterlyser det ho kalla dødsforakt i kyrkja. Dette er tankar til ettertanke. Hadland får med dette fram at det materielle og forbrukarkulturen synest å vera viktigare i samfunnet enn trua og æva. Utelivsbransjen med alkoholservering synest å vera viktigare enn samling om Guds ord.

Nonna meiner vi må fylgja smittevernreglane og retta oss etter det styresmakta bestemmer, men ho synest at ein no nesten går for langt. Det siste gjeld særleg med tanke på kyrkjene. Trua er ikkje ein tilfeldig hobby eller underhalding, påpeikar ho.

Den katolske nonna minner om at «kirken har et annet kall enn å dyrke frykten for sykdom og død». Historisk er det slik at katolske prestar, nonner og munkar ikkje gjekk i isolat i møte med pest, men dei vart på sin post og møtte sjuke og døyande med pleie, omsorg, den siste olje, bønn og Guds ord. I protestantisk samanheng har vi sett det same. Dette har ført til at mange prestar og andre i kyrkja si teneste mista livet i møte med pest, men det vart til eit sterkt vitnemål for ufrelste. Måten kyrkja har møtt sjukdom og pest på, har vore noko av det som har betydd mest for utbreiinga av kristen tru i tidlegare tider.

Det er dette Hadland omtalar som dødsforakt. Ein skal ikkje for ein kvar pris beskytta seg sjølv, men tena sine medmenneske. I dødsforakta ligg også trua på Jesu forsoningsverk og hans siger over døden, og med det vona om oppstode til evig herlegdom. Ho meiner kyrkja i dag er meir prega av dødsangst enn dødsforakt.

Den frimodige nonna peikar også på at koronanedstenginga innan transport og flytrafikk har ført til at livreddande vaksinasjonskampanjar mot meslingar og polio til 117 millionar barn har stoppa opp. Når folk i den rike verda gjer alt for å verna seg sjølv, må hundretusenar av barn og unge dø av meslingar i nokre av verdens fattigaste land. Det er ikkje alltid ein tenkjer over konsekvensane av det ein gjer, og ein er ikkje alltid villig til å velja handlemåtar ut frå kva som tener nesten til beste, særleg den fattige nesten.

Eg veit ikkje kva vi bør gjera i møte med det nonne Anne Bente Hadland seier. Eg refererer det helst til ettertanke. Vi har godt av å få inn andre perspektiv enn det styresmakta fremjar, og vi har godt av å løfta blikket litt høgare enn berre til det som beskyttar meg best. Det er ikkje minst utfordrande kva haldningar vi skaper til sjukdom og død, halde saman med vona om evig liv.

Johannes Kleppa