Vekking og bønn

Eg les for tida ei bok om vekking. Eg skal melda boka i Dagen, og skal ikkje omtala henne her. Derimot vil eg løfta fram eit moment som alltid kjem fram i omtalar om vekking. Det er bønn.

Vekkingane har vore svært viktige for utbreiinga av evangeliet, både i nasjonalt og internasjonalt. Eg vil tru at praktisk talt alle som les denne spalta, ønskjer vekking – og bed om vekking. Eg er likevel uroleg for at lengten etter vekking og bønn om vekking, er heller svak. Sekulariseringa og situasjonen kyrkje- og kristenlivet er slik at ein nesten har mista trua på at vekking kan skje. Det er lite kraft og frimot i bønna om vekking.

Det kan ikkje vera tvil om at bønnetenesta er mykje svakare her i landet no enn i tidlegare generasjonar. Det heng saman med at det kristne arbeidet, møteverksemda og forkynninga står svakare. Eg vil i det lengste tru at mange kristne praktiserer husandakt med bønn, men eg er ikkje så sikker på at kvar einskild av oss set av tid til regelmessig bønn i lønnkammeret, i alle fall brukar ein ikkje mykje tid til det. Det er også færre misjonsforeiningar som samlast regelmessig, der bønn er sentralt.

Det som i alle fall er heilt sikkert, er at det vert bede mykje mindre enn før rundt om på bedehusa. Det er ikkje mange stader der det no er faste bønnemøte eller såkalla «småmøte» kvar veke, og få kjem på dei som er. Det er også svært sjeldan bønne- og vitnemøte knytt til vanlege møte med talar. Gjennom åra har eg vore på mange møte rundt om i heile landet, og den bønna som skjer på møta, er stort sett for sjølve møtet og det som der skal skje. Litt vert det rett nok også bede for bygda, landet, misjonsarbeidet og andre tema.

Det seiest at det pågår ei bønnevekking her i landet og mange andre stader. Eg vonar det er sant, sjølv om eg har sett lite til det – særleg sett i lys av det eg opplevde av bønneteneste tidlegare. Heldigvis har vi nokre som er knytte til Sarepta, som er trufaste forbedarar. Eg synest likevel bønnearbeidet ikkje er slik det burde vera i Sarepta, sett i lys av den prioriteringa vi har av forkynning og undervisning. Eg har heller ikkje eit godt svar på korleis vi kan få intensivert bønnearbeidet. Eg peikar berre på utfordringa.

Det er både inspirerande og ransakande å lesa om korleis det vart bede før og i samband med store vekkingar. Det seiest at i byrjinga av 1700-talet, då dei pietistiske vekkingane starta, vart sett i gang bønn som gjekk kontinuering gjennom heile døgnet kvar dag i 100 år. På 1850-talet kalla kyrkjeklokkene i visse område i USA til bønn tre gonger for dagen, kl 8, 12 og 18. Vi kunne lista opp mange døme i same gata, og vi kunne nemnt resultatet av einskilpersonar sitt bønnearbeid.

Eg er anfekta både med tanke på mitt eige bønneliv og bønnearbeidet knytt til misjonsarbeidet i det heile. Eg er anfekta med tanke på behovet for vekking og nytt liv og bønnearbeidet i den samanhengen. Resultatet av Ordets forkynning står i nøye forhold til bønn.

Johannes Kleppa