Som Noreg i lange periodar har vore underlagt eller i union med Danmark og Sverige, har Finland vore det med Russland og Sverige. Som Noreg fekk sitt fulle sjølvstyre i 1905, fekk Finland det i 1917 – og kan med det i år feira hundreårsjubileum som sjølvstendig stat. Som Noreg kjempa for sitt sjølvstende og sin fridom under siste verdskrigen, gjorde Finland det i vinterkrigen 1940.
Det har lenge vore nokså sterke band mellom Noreg og Finland, særleg i nord. På Nordkalotten var landegrensene lenge flytande og varierande. Dei grensene som no er, går tilbake til avslutninga av krigen i 1945. Nærkontakten mellom Finland og Noreg er ikkje berre av geografisk karakter, men minst like mykje av kulturell og religiøs. Det samiske folket, den samiske kulturen og den samiske religionen kjente ikkje landegrenser. Det samiske var i stor grad ein levemåte.
På 1800-talet var det fleire bylgjer med innvandring frå Finland til kysten av Finnmark. Det hadde sin grunn i trange kår i Finland og rike fiskeressursar i Noreg. Særleg i Varanger-området fekk vi då sterke finske innslag, med finsk språk og kultur. Dette blanda seg også med norsk språk og kultur til det vi kallar kvensk.
Mange innvandrarar frå Nord-Finland var påverka av forkynninga til Lars Levi Læstadius (1800-1860), og med det den læstadianske vekkinga. Læstadius var prest i Karesuando, som nesten er som eit møtepunkt mellom Sverige, Finland og Noreg. Den læstadianske vekkinga kom difor til å prega store delar av Nordkalotten. Religion kjenner i liten grad landegrenser. Læstadianismen slo sterkt inn i Finnmark frå rundt 1850, og seinare i store delar av Nord-Noreg. Dette har skapt sterke bånd både til Finland og Sverige, like til vår tid. Forkynnarar kryssar landegrensene, og det læstadianske kristenfolket dreg på storsamlingar på tvers av nasjonale grenser.
For Nord-Noreg har læstadianismen vore ei svært sterk åndeleg, kulturell og sosial kraft, langt sterkare og langt meir positivt enn vi søringar er i stand til å forstå. Vi står ofte på utsida, og vi opplever noko av dette framandt. Store skarar vart frelste gjennom den læstadianske vekkinga. Det var samstundes et sosialt løft i folket, særleg i forhold til alkoholbruken. Det gav også ein sterk salmeskatt, som skapte ein bestemt songtradisjon. I tillegg kom det finske språket, som vi før hadde samisk og norsk.
Det er mange grunnar til å gratulera Finland med hundreårsjubileet, og frå kristen side er det særleg grunn til å minna om det vi åndeleg har fått gjennom kontakten med den læstadianske vekkinga i Finland.
Johannes Kleppa
Foto: Hentet fra nett (geni.com)