Når eg spør kva som er kyrkja si oppgåve, tenkjer eg ikkje berre på Den norske kyrkja. Eg tenkjer på Guds folk i det heile, anten det skjer i kyrkjesamfunn eller i organisasjonar, i kyrkjehus eller i bedehus. Det er mangt ein kan undra seg over, og det er ein god del å gleda seg over.
Det skjer ein del i kyrkjehus som ikkje høyrer heime der. Når ein dreg inn islamske festar i kyrkjerommet og når ein arrangerer yoga-gudstenster der, har ein i det minste misforstått kva kyrkehuset er til for og kva presten si oppgåve er. Kyrkjehuset skal brukast til å forkynna Guds ord og forvalta sakramenta. Kyrkja er nådemidla sitt hus.
Med tanke på kyrkje og kristne organisasjonar si oppgåve vert det til tider sagt ting som definerer oppgåva for einsidig. Det som vert sagt, kan frå ei side sett vera rett, men det kan like fullt fungera feil. Inniblant høyrer ein uttrykk som at kyrkja ikkje skal vera vaktbikkje, vera moralens vaktar eller vera oppteken med å påpeika det som er feil i samfunnet. Oppgåva er å forkynna evangeliet. Guds ord er primært ikkje retta mot samfunn og styresmakt, men mot menneske til frelse.
Det er både rett og gale. Dersom ein einsidig fungerer som vaktbikkje eller berre er oppteken med alt som er galt i samfunnet, opptrer ein fundamentalt feil. Sjølve saka er at folk må verta frelste, og det vert ein berre ved ordet om krossen, forkynninga av evangeliet. Poenget er evangeliet opptrer aldri åleine. Det vert alltid – og må alltid – verta forkynt saman med lova. Lova har ei oppgåve i retning vaktbikkje og tuktemeister. Lova talar som kva som er Guds vilje, og det vert adressert både til samfunn og styresmakt, til einskildpersonar og folkeslag, til kristne forsamlingar og arbeislag.
Mykje av Skrifta er retta til Guds folk, ikkje minst breva i NT, men Jesus talte også til styresmakta og religiøse leiarar. Johannes openberring talar i stor grad om forhold og utvikling i samfunnet og kulturen, og det kulminerer i oppgjeret mot Antikrist. I GT er det svært mykje forkynning som er retta mot styresmaktene og utviklinga i samfunnet, særleg hjå profetane. Etter mitt skjønn ville ein gjera klokt i å henta fram meir av dette stoffet. Det er til skade for land og folk å innretta seg i strid med Guds gode skaparvilje, og dette er ei oppgåve for den kristne kyrkja å løfta fram.
Nokre gonger vert også tydeleg etisk rettleiing sett opp mot omsorg og inkludering. Det skjer til tider også i samanhengar og frå folk som definerer seg som bibeltru og teologisk konservative. Vi har sett dette i kritikk av den felleskristne uttalen om kjønn og samliv. Det er å laga ei motsetning som ikkje eksisterer. Skrifta omtalar og held saman tydeleg rettleing med like tydeleg kjærleik. Det heiter at vi skal vera sanninga tru i kjærleik.
Med tanke på kva oppgåve vi har i forkynninga, kan det vera nyttig å minna både seg sjølv og andre på at Gud har gitt oss ti bod som god rettleiing for livet og for samfunnet. Av desse byrjar åtte med «du skal ikkje», altså negativt. Dei to andre byrjar med «du skal», altså positivt. Viktige delar av etikken og Guds gode vilje med liva våre byrjar med eit «ikkje». Det kan ein godt tenkja på.
Poenget er at vi gjer alle dei oppgåvene Gud pålegg oss. Det skal vi gjera med basis i forkynninga av lov og evangelium.
Johannes Kleppa