Fjellturleir – bibel og vår

Våren i området rundt Centro Sarepta er ekstra fin i år. I løpet av vinteren har det regna meir enn vanleg, slik at det er mykje grønar enn det pleier å vera og det er masse blomster av ulik type og farge. Det lyser over alt! Sjølv om fjella er dei same, har den fine våren i år gjort turane på fjellturleiren siste veka ekstra fine. Fjella med sine fargesjatteringar, holer og tindar er alltid eit syn for seg. Det har vore sol og passeleg varme.

Vi var ein fin flokk på leiren, nokre frå Finnmark/Troms, andre frå Sunnmøre og nokre frå Bergen. Det var ein gjeng som gjekk godt i lag, både i fjellet, sosial og åndeleg – sjølv om ein kom frå litt ulike delar av Kristen-Noreg.

Sjølv om fjellturane er viktige og fine, og sjølv om våren er ekstra fin i år, er det like fullt Bibelen og samlinga om Guds ord som er det viktigaste.  I år var Sendebreva i Johannes openberring tema for timane om morgonen, og om kveldane var det glimt frå Johannesevangeliet. Det syntest som at dette vart godt motteke. Den åndelege samtalen er også viktig, og slike var det mange av. Det er også ein rikdom å verta kjende med nye folk frå ulike delar av landet og kyrkjelandskapet.

Veka før påske er ei gruppe frå Sygna vidaregåande skule her, pluss nokre gjester. I påska er det leir for spansktalande, men etter påske er det på nytt rom for gjester. April og mai er alltid ei fin tid i området rundt Centro Sarepta – og passeleg varmt, og i år er det altså ekstra flott. Den som vil korta ned tida litt før sommaren, kan hiva seg rundt å ta ei veke eller to her!



Johannes Kleppa