Ulsteinvik bedehus har ofte møte på laurdagskveldane. Laurdag 19.oktober var det Hans Bergane som besøkte oss. Fleire hadde tatt vegen til bedehuset denne milde og fine haustettermiddagen i oktober. Musikklaget God Bodskap møtte oss med songar som var prega av gode evangeliske tekstar. Hans Bergane hadde to bibelhalvtimar over Salme 25. Mellom bibelhalvtimane hadde vi ei god matøkt.
Salme 25 er ein Davidssalme. Denne salmen i Bibelen fortel oss mykje om dei erfaringane David hadde i livet med Gud. Ingen som ventar på Gud skal bli til skamme. David opplevde fall i synd gjennom livet, og han ropar til Gud om frelse. David har mange minne om synder han har gjort og ber om Guds nåde. Gud lærer syndarar vegen, ikkje dei sjølvrettferdige.
For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi misgjerning ! For ho er stor, seier David i vers 11. Når vi ser syndene våre og blir fortvilt over syndene våre, er det til Jesus vi må søke for å få tilgjeving. Vend deg til meg og ver meg nådig, ropar David til Gud. La også vi dag legge oss dette på mine og søke Jesus !
Ståle T.