Song- og musikkhelg i Ørsta bedehus

Helga 25.-27.oktober inviterer Misjon Sarepta til møte i Ørsta bedehus. Even Ydstebø vil tale og synge på møta. Han er ein ung forkynnar som kombinerer evangelistgjerninga med å vere tømrar.

Fredag 25.oktober kl.19.00 kjem koret Kvit Sektor frå Herøy på besøk.

Laurdag 26.oktober kl.17.00 syng mannskoret Kor Herrleg til oss.

Søndag 27.oktober blir det formiddagsmøte kl.11.00 der ekteparet Linda og Paul Arne Ulstein vil synge, og på ettermiddagen søndag kl.17.00 kjem koret Elkana frå Godøy.

ST