Biskopane med gradert menneskeverd

Det er ei kjent sak at den som gir seg ut på ein glidebane, garantert rutsjer nedover. Det gjeld fysisk og det gjeld i etiske spørsmål, og i mange andre samanhenger. I samband med forslag til ny abortlov, altså ny fosterdrapslov, vert dette tydeleg i mange samanhengar.

Der det kanskje er alle tydelegast, er hjå biskopane i Den norske kyrkja med preses i spissen. Avstanden frå Per Lønning til Olav Fykse Tveit er som lysår.  Det same er uttalar frå bispemøtet på 70-talet og framover til dei vi har fått dei seinare åra, som har sitt botnmål i høyringssvaret til framlegget til ny abortlov.

Det er ikkje berre det at bispekollegiet uttalar seg svakt og feil, men dei driv med rein sjølvmotseiing – og hevdar enda til at det er indre samanheng i det dei seier, og meiner alle må sjå det. Det er nesten som ein ikkje kan tru at høgt utdanna menneske i sentrale posisjonar seriøst kan få seg til å skriva det dei gjer, i alle fall ikkje i eit spørsmål som gjeld liv og død.

Kommentator i Dagen, Espen Ottosen, har skrive ein svært godt analyse av og kommentar til høyringssvaret og preses sitt forsvar for dette. Ottosen har også ein tankevekkande kommentar til ein tidlegare bispeuttale som sa at det var betre for eit samfunn med «legale abortar» enn utan.

Når ein byrjar å omtala noko positivt, som etter sin natur er negativt, har ein gitt seg inn på ein glidebane med dei konsekvensane det har. Den første stasjonen ein på abort-glidebanen passerer, er å forsvara at ein har ei abortlov, altså ei fosterdrapslov, i staden for ei livsvernlov. Den neste stasjonen kjem raskt, og det er at ein aksepterer og forsvarar «sjølvbestemt abort», altså sjølvbestemt fosterdrap – men då ikkje bestemt av fosteret, men av mora. I siste instans vil ein koma til å forsvara abort i seg sjølv, trass i at ein heile vegen vil argumenter for å redusera aborttalet så mykje som mogleg. Det siste vert ein pragmatisk og politisk argumentasjon, ikkje ein prinsipiell og kristen argumentasjon.

Det sjølvmotseiande i biskopane sin uttale og det at dei har plassert seg på ein glidebane, kjem tydeleg til uttrykk i at dei hevdar fosteret frå starten har ein «verdi som i utgangspunktet ikke kan måles», samstundes som dei hevdar at «den moralske statusen» til fosteret aukar gjennom svangerskapet. Det er jo komplett umogleg at noko som ikkje kan målast, kan auka! Korleis i all verda vil biskopane forklara det logisk? Og enda viktigare: Korleis vil dei forklara det bibelsk og teologisk?

Tanken om at noko ved fosteret aukar i verdi gjennom svangerskapet, er i strid med den fundamentale bibelske tanken om mennesket sin absolutte og ukrenkelege verdi frå unnfanginga til den naturlege døden. I mors mage veks fosteret sin kropp, sine lemmer og organ og utviklar slik at barnet kan leva etter fødselen, men ingen ting anna veks eller utviklar seg.

Det er diverre slik Ottosen konkluderer: «Selv om biskopene i Den norske kirke sier nei til å utvide abortgrensen slik regjeringen vil, er deres argumentasjon et krystallklart ja til gradering av menneskeverdet.» Og då har argumentasjonen frå eit kyrkjeleg organ ingen funksjon eller vekt. Då har dei gått inn i det politiske rommet og argumenterer politisk-pragmatisk, framfor prinsipielt-teologisk.

Det har noko å seia for kvinna når aborten skjer, og det vert verre til lengre ut i svangerskapet det går. For fosteret betyr det absolutt ingen ting, det vert drept uansett. Det er berre der abort ikkje skjer, at barnet får leva – i mors liv og i fri luft.

Johannes Kleppa