Når angripar og forsvarar vert sett på line

Sjølv om knapt noko overraskar lenger når situasjonen i Midtausten vert omtalt og vurdert, anten det kjem frå politisk eller kyrkjeleg hald, vert eg likevel stadig opprørt. Eg skriv difor enda ein gong ein liten kommentar til utsegner som nyleg har kome. Eg veit ikkje om nokon som ikkje synest situasjonen i Gaza er grusom, som ikkje synest at situasjonen i Midtausten er dramatisk eller som ikkje ser lidingane ein utvida krig mellom Israel og Libanon vil skapa.

Det som stadig undrar meg og som stadig opprører meg, er at ein ikkje klarer skilja bakar frå smed eller at ein endatil rettar bakar for smed. I svært mange uttalar synest det som ein totalt har gløymt eller at ein heilt overser at det er ein angripande part og ein part som forsvarer seg. Israel er den eine parten som er i forsvarsposisjon, men det er mange angriparar – og dei brukar terror som våpen, inkludert kvinner og barn som skjold.

Eg kjenner heller ingen som ikkje ønskjer fred i Midtausten, og vener av Israel ønskjer på ein spesiell måte fred for Jerusalem. Det store spørsmålet er korleis fred kan skapast og kva fred det skal vera. Skal det vera ein rettferdig fred for den forsvarande parten, Israel, eller skal det vera ein fred som tener terrororganisasjonen Hamas og deira støttespelarar? Skal det vera ein fred som verner om Israel som land og som nasjonalheim for det jødiske folket eller ein fred som sett dette på spel? Dei ulike fredsutspela synest ikkje å ta høgde for desse problemstillingane.

Sist ute i denne samanhengen i Norges kristne råd, som i ein uttale krev at det må verta fred i Midausten, og at israelske gisslar og palestinske krigsfanger må verta sette fri. Ønskjer om fred og ønskje om at gisla må vert sette fri, er nokså allment. Det er likevel påfallande at krigsfangar vert sett parallelt med gissel. Det er å ikkje skilja mellom bakar og smed. I krig er det lovleg å ta krigsfangar, altså ta til fange soldatar og andre som deltek i krigen. Derimot er det totalt uakseptabelt og umoralsk å ta gissel gjennom ein omfattande terrorhandling, slik Hamas gjorde.

Det vert uhaldbart når ein talar generelt om liding og fred, altså adresserer det likt til begge partane. Det ligg til angriparen å avslutta krigen og skapa fred. Den som forsvarer seg må føra krigen til motparten er nedkjempa eller gir seg, elles vil angriparen nå sine mål – i dette tilfellet at Israel opphøyrer som land og det jødiske folket vert utsletta. Det er det perspektivet og den proporsjonen ein må leggja til grunn for talen om fred.

Når Norges kristne råd refererer til kyrkjeleiarar i Jerusalem og palestinske søsterkyrkjer, må dei vita at dette i stor grad dreier seg om kyrkjer og kyrkjeleiarar som står for erstatningsteologi og er motstandarar av Israel. Dei går i alle hovudsak palestina-arabarane sine ærend. Det hadde ikkje vore noko Israel eller nokon nasjonalstat for jødefolket om desse hadde fått råda.

Kyrkje og kristenleiarar skal arbeida for fred, men det må vera ut frå læra om rettferdig krig. Det er fråverande i Norges kristne råd sin uttale. Det er etisk svært problematisk, og det er svært problematisk ut frå jødefolket si lidingshistorie og antisemittismen.

Vi har ein politisk parallell i utenriksminister Espen Barth Eide sin mange utsegn om situasjonen i Midtausten, og no sist med tanke på ein føreståande totalkrig mellom Israel og Hizbollah. «Stakkas Libanon», sa han – og det kan i og for seg alle vera samde om. Problemet er at utsegna hadde Israels voldsomme slagkraft som utgangspunkt. Israel ville koma til å påføra det libanesiske folket store lidingar, men saka er jo diametralt motsett. Det er terrororganisasjonen Hizbollah som påfører sitt eige folk store lidingar ved sine stadige angrep på Israel, og som Israel må svara på med stor kraft for å overleva som land og folk.

Det var godt at norske kristenleiarar og politikarar, og særleg kongen med sitt nei, ikkje tenkte slik i 1940 og fram til 1945, som det no vert tenkt om situasjonen i Midtausten – og som nokre også tenkjer om situasjonen i Ukraina.

Johannes Kleppa