Kristne skular – opplæring og misjon

Eg er på Centro Sarepta heile september, og tre av vekene har vi fullt hus med ungdom. Det er 10. klasse frå fire Oasen-skular på Sørlandet og ein NLM-skule frå Nord-Noreg. Det er svært oppløftande og inspirerande å ha alle desse ungdomane på senteret, i tillegg til dei faste volontørane og elevane, samt andre gjester og nokre som stikk innom på timar. På ein del samlingar har det vore overfylt i klasserommet. Det meste av tida brukar skulane for seg sjølv og eige program, men då går ofte det diakonale opplegget som Sarepta er engasjert i, inn i opplegget.

Det er ikkje første gongen eg gjer desse positive erfaringane med skuleungdom på senteret, og eg har skrive om det før, men eg må gjera det på nytt. Når klasserommet fyllest av 10. klassingar som skal vera med på morgonsamling, med sang, andakt og bønn, fyllest hjarta med takk – og med bønn for flokken. Det er ro, og det er ein lyttande flokk – og på ungdoms vis gir dei til tider applaus for andakten, og det tek eg positivt!

Kristne friskular er svært viktige, kanskje det viktigaste ungdomsarbeidet vi har i landet for tida, og i nokre glimt på Centro Sarepta vert dei ekstra viktige. Elevane får undervisning i og på basis av Guds ord heile året, men her får dei det på særleg vis som forkynning og er under forbønn, og nokre har vitnemøte der elevar og lærarar deler frå livets erfaring. Det må bety mykje både for skulekvardagen og for livet at elevane møter vitnemål frå lærarane, også det som ein lærar har opplevd eller opplever som vanskeleg i livet.

Det er mykje og mange sider som er viktig med ein kristen friskule, men noko av det aller viktigaste er at dei unge får ei opplæring og oppseding som er basert på Guds ord og kristen tenking. Det gjeld altså ikkje verre i kristendomsfaget, men undervisninga generelt. Då kan dei læra ei kristen røyndomsforståing og få ei integrert kristen tru. Av denne grunn bør alle kristne foreldre prioritera kristne friskular, og det er veldig oppmuntrande at mange ikkje-kristne foreldre sender barna sine dit.

Den diakonale sida ved kristne skular er også viktig, og til tider er det så mange elevar med spesielle behov som søkjer til kritne skular at det kan verta i meste laget. Det kan vera vanskeleg å ta seg av alle på ein fullgod måte utan at det går ut over andre elevar. Her må må skulane setja grenser ut frå kva som er mogleg å klara, men det er samstundes viktig å strekkja seg så langt det er mogleg. Det kan vera avgjerande for livet for nokre av desse elevane. Ved besøk her på senteret har eg lagt merke til den innsatsen som vert gjort på dette feltet, og eg er imponert over måten ein taklar spesielle behov på. Nokre gonger er også foreldre med for at deira ungdom skal få denne opplevinga.

Gjennom ei lita veke på Centro Sarepta får dei unge også ei møte med misjon, og då spesielt Spania og misjon her. Det skjer gjennom undervisning og samtale, og gjennom besøk til diakonalt arbeid eller andre kontakar Sarepta har. Det gir ofte sterkt inntrykk på elevane. For Sarepta sin del betyr difor også slike skulebesøk mykje, ved at ein får formidla det misjonsarbeidet vi står i. Det er også det svært meiningsfylt å få formidla Guds ord til elevane og få omslutta dei i forbønn. Dessutan støttar skulane Sarepta sitt misjonsarbeid økonomisk og på anna vis ved å bu på Centro Sarepta, og det takkar vi for!

Johannes Kleppa