Felleskyrkeleg, katolsk, ortodoks og evangelisk

Det felleskyrkjelege og tverrkyrkjelege står sterkare i dag enn for ein generasjon sidan. Det går til ei viss grad også på tvers av det katolske og ortodokse på den eine sida og det lutherske og evangeliske på den andre sida. Særleg dette siste er eit nytt trekk, og det kan fortena nokre refleksjonar. Det kan vera fleire grunnar for at det tverrkyrkjeleg står sterkare no enn for kort tid sidan.

Det eine kan vera at ein kort og godt legg større vekt på det felleskyrkjelege i læra enn ein gjorde før, altså at ein i større grad orienterer seg ut frå den oldkyrkjelege vedkjenninga som er allmennkristeleg. Det kan også vera at ein legg meir vekt på å praktisera Jesu ord om kristen einskap som vitnemål for verda. Alt dette er i og for seg bra, men alt er ikkje sagt med dette.

Det andre kan vera at ein rett og slett legg mindre vekt på læra enn ein gjorde før. I så fall legg ein ikkje større vekt på dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene, men ein legg mindre vekt på dei ulike kyrkjesamfunna si lære og sine vedkjenningsskrift, og med det tonar ein ned det konfesjonelle. Dette er ein posisjon som svarar til den postmoderne kulturen som legg stor vekt på erfaringar, opplevingar og kjensler, og tonar ned det fornuftsmessige og tankemessige. Det er eit stort problem i forhold til den vekta Skrifta legg på Ordet og læra.

Det tredje kan vera at kristendommen i Vesten er i tilbakegang. Forsamlingane minkar, ein står ofte åleine og ein kjenner sterkt press frå eit avkristna samfunn med sine ulike ideologiar. Det politisk korrekte vert ei så sterk åndsmakt at ein åleine eller som små kristenflokkar har vanskar med å stå imot. Då vert ein pressa saman og ein søkjer saman, for å unngå å gå under. Mange stader er det også så lite forkynning, at ein gjerne søkjer saman på tvers av konfesjonelle grenser. Dette er naturleg og kan også fungera positivt, om ein ikkje med det ser bort frå den vekta Skrifta legg på den sunne og sanne læra.

Den omfattande liberale utviklinga i Den norske kyrkje (Dnk) og ved den tradisjonsrike teologiske institusjonen MF har skapt ei særleg utfordring for lutherske kristne i landet vårt. Ved at MF, biskopane og leiarskapen i Dnk generelt har svikta sitt åndelege ansvar og leiarskap, kan bibelforplikta kristne ikkje venda seg dit for å få rettleiing. I dei kristne organisasjonane varierer det ein god del, men generalsekretærar og andre leiarar er i liten grad ute med åndeleg rettleiing. Dette fører til at folk må lytta meir til kristne som opptrer sjølvstendig, altså ikkje ut frå ein formell posisjon, eller til folk frå andre kyrkjesamanhengar.

Vi har fått den paradoksale situasjonen at det gjerne er folk frå romersk-katolsk og ortodoks hald ein lyttar til, eller frå Den nordisk-katolske kyrkja, ikkje minst ved innlegg i Dagen. Det gjeld også offisielle uttalar i ulike samanhengar. Eit godt døme på det sist er det svært god høyringssvaret som kom frå dei katolske biskopane til lov om forbod mot konverteringsterapi, til forskjell frå det som kom frå dei luthersk biskopane.

Den typen uttalar eg her nemner, går i stor grad på etiske spørsmål, og på ideologi og samfunnsspørsmål. Det som her vert uttalt frå katolsk og ortodoks hald, er primært av felleskyrkjeleg karakter, og burde vore uttalt også frå evangelisk hald. Det er det felleskyrkelege som gjer at vi kan lesa det og ha utbytte av det i ulike delar av kyrkjelandskapet. Frå ortodokst hald kan vi også lesa framstillingar av den treeinige Gud og kristologien, som er av felleskristeleg karakter og til ettertanke.

Generelt er problemet mellom det evangeliske og det katolske/ortodokse på det dogmatiske planet og gjeld frelsesspørsmålet. Det er konservative prestar og lekfolk som har konvertert til den katolske eller den ortodokse kyrkja fordi dei har gitt opp Dnk. Det er folk som eg har stor respekt for, og eg kan forstå deira frustrasjon over biskopane og utviklinga i Dnk, men eg forstår ikkje det dogmatiske valet. Vi har både bedehuset og lutherske frikyrkjer som alternativ.

Det er eit stort sprang å gå frå evangelisk forsoningslære til messeofferet med ublodig gjentaking av Jesu blodige død på kross og der presten er offerprest. Med det er det også eit langt steg frå luthersk lære om nattverden og nådemidla til læra om eukaristien og katolsk sakramentforståing. Det er ikkje mindre langt frå evangelisk rettferdiggjeringslære som seier at vi står reine og rettferdig for Gud alt no, til ei lære som seier ein treng ein skjærseld etter døden for å reinsa det som står att. Også forståinga av mennesket, nåden og truå er nokså svært ulik. Det same gjeld embets- og kyrkjesynet.

Det er altså positive og negative sider med det sterke felleskyrkjelege preget som er no i forhold til tidlegare. Det er også grunn til takk for det engasjementet og den tydelege talen det er frå katolsk og ortodoks side i etiske, ideologiske og samfunnsmessige spørsmål. Det bør utfordra oss andre på desse områda. Derimot er det ikkje noko som har endra dei dogmatiske posisjonane eller det som gjeld vedkjenningsspørsmål knytt til frelsesspørsmålet, aller minst i det som har med forsoninga og rettferdiggjeringa å gjera. Det er ingen grunn til konvertering, men vi kan lytta til alle som talar og skriv felleskyrkjeleg og oldkyrkjeleg.

Johannes Kleppa