‘Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og blir lik han ved at eg døyr som han‘.

Filipparane 3:10
Dette var utgangspunktet for Dan Hessellund sine talar på møteveka i Årdal. Vi fekk høyre om Peter sine erfaringar slik dette kjem fram i 1.Peter 1.
Møta vart til sjølvransaking og oppattnying. Djuptpløyande utleggingar av korleis vi kjenner Kristus, får del i oppstandelseskreftene og deler hans lidingar.
Siste møtet på søndag hadde tema om Jesus som Kongen min, og det vart ei rik stund.
Her vart det sett lys på tekstar frå salme 21-24, der synet på salmane som Jesus-tekstar vart understreka. Temaet for dei andre kveldane vart såleis godt oppsummert,
Godt frammøte til alle møta, og vonaleg godt utbytte for dei som møtte opp.
Å kor vi treng å få nya opp att synet på Han som er vår rettferd, som virkar alt i oss, som gjev liv og overflod. I oss sjølve fortapte, men gitt evig liv og sæle gjennom Kristi oppstode. Dei kreftene som vekte Kristus opp att virkar og trua i oss.
Så måtte Kristus lida, og vi skal få del i Hans lidingar. Det virkar også til liv og sæle. Underleg- men godt å få sitja under slik forkynning!

Tilhøyrar 27/4