Boka «Til endane av jorda» er den tredje i serien andaktsbøker knytt til høgtidene, av Johannes Kleppa. Han har også skrive boka «Til Betlehem» for adventstida og «Til Jerusalem» for fastetida. Nå er vi ved avslutninga av påsken, og då passar det godt med denne boka fram mot pinse. Her er 50 andaktar, ein for kvar dag fram mot pinse.
Andaktane fokuserer hovudsakeleg på ulike sider ved Andens virke. I løpet av desse 50 andaktane vil du nok som meg bli slått av kor viktig Anden er, og kor rikhaldig og variert hans gjerning er. Men hovudsaken er å herleggjere Jesus, og skape ei djup og ekte overtyding av at vi treng denne frelse.
Men det er også tale om Andens leiing, Andens kraft, Anden som atterføder, Andens gåver, Andens frukter og om Anden i GT – og endå meir for den som vil lese boka.
Skunda deg å bestille her, så sender vi den så snart som råd! Boka her ei vakker utforming og er i stivt bind. Prisen er ikkje meir enn 150 kr + eventuelt porto.