– I alle fall om du ønskar å sove på hytte på Melkevoll Bretun. Enkeltromma er «revet vekk», men vi har fleire dobbeltrom igjen, og ei tomanns hytte. Melder du deg på etter førstkomande fredag må du ordne deg overnatting sjølv.
Vurderar du å melde deg på, men slit med å finne barnevakt til dømes, så ta kontakt så ser vi kva vi kan få til!
Arrangementet vi snakkar om her er Bibelhelga for unge-vaksne i Oldedalen 28. mai – 1. juni. Du kan lese meir om arrangementet her: https://misarepta.com/2025/01/17/bibelhelg-for-unge-vaksne-i-oldedalen28-mai-1-juni-2025/
Påmelding
Fyll ut dette skjemaet: https://forms.gle/iKKg4Ex2hUSMRR156
Påmeldingsfrist
– 28. mars om du ønskar å sove på hytte på Melkevoll Bretun.
NB! Avmelding etter dette gir ikkje refusjon av innbetalt beløp.
– 30. april om du ordnar overnatting sjølv. Avmelding etter dette gir ikkje refusjon av deltakaravgift.

Pris
Deltakeravgift inkl. frukost, nistesmøring til lunsj og middag heile helga: 1200 kr
(foreløpig pris med atterhald om mindre justeringar)
Overnatting i hytter på Melkevoll Bretun
· Dobbeltrom hytte 3 netter: 1200 kr per pers
· Dobbeltrom hytte 4 netter: 1600 kr per pers
· Enkeltrom hytte 3 netter: 1500 kr per pers
· Enkeltrom hytte 4 netter: 2000 kr per pers
· Eiga hytte for to personar 3 netter: 1575 kr per pers.
· Eiga hytte for to personar 4 netter: 2100 kr per pers.
· Andre prisar (til dømes overnatting i telt) finn dykk er: https://www.melkevoll.com/prisar2024

AKTIVITETAR
I mellomtida deler eg litt om dei ulike aktivitets-alternativa du kan velje mellom på bibelhelga:
Aktivitetar på bakkeplan:
– Spasertur rundt dalen
– (Is-)bading i Oldevatnet
– Nyte livet på Melkevoll Bretun:
https://www.melkevoll.com/om-bretunet-camping
– Fisking (fiskane her likar rosa sluk)
– Roleg rotur på Oldevatnet
– Book guida tur med EL-sykkel med Fjellvåk i Olden:
https://www.xn--fjellvk-jxa.no/
– Leig deg båt, kano, sykkel eller trøbåt på Oldevatn Camping:
https://www.nordfjord.no/…/oldevatn-camping/detaljer
– Leig deg sauna, kano, kajakk eller båt på Yrineset:
https://yrioutdoor.no/
– Drikk kaffi på Briksdalsbre Fjellstove eller kjøp deg eit reiseminne på souvenirbutikken:
https://www.briksdal.no/fjellstova
– Kjøp lokalmat på Trollbu, Aabrekk Gard:
https://aabrekkgard.no/

TURAR
Den første turen eg vil presentere er BRIKSDALSBREEN!
Gradering: Lett
Lengde: 3 km opp
Tid: 40 – 60 min ein veg
Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgde stuper det ville brefallet nedover fjellsida mot den frodige Briksdalen. Målet for turen er foten av breen 346 moh. Turen opp er ein enkel fottur. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen mellom frodige skogar og over ville fossefall. Du kan velge mellom ulike alternative ruter til breen. Heile turen klarar du på 1,5 time.
Les gjerne meir her:
https://www.nordfjord.no/brenndalen-og-brenndalsbreen
https://ut.no/turfo…/1112155413/briksdalsbreen-lett-fottur
–
Neste tur ut er BRENNDALEN!
Gradering: Lett
Lengde til Setrane: 1,8 km
Lengde til Brenndalen: 3,6 km
Tid: Ca. 1,5 – 2 timar opp, 1 time ned
Turen til Brenndalen er ein lett og barnevennleg tur i flott vestlandsnatur. Du går på skogsbilveg opp til utsynspunktet ved brenndalsselet, der du har utsikt utover Oldedalen og opp mot Vollfossen. Herifrå kan ein gå vidare innover til Brenndalsbreen. Vegen innover Brenndalen har liten eller ingen stigning. Turen tek totalt ca. 3 timar og består av 616 høgdemeter totalt. Les meir her:
https://www.nordfjord.no/brenndalen-og-brenndalsbreen
https://ut.no/turforslag/1113360/fottur-til-brenndalsbreen

KVAMSSETRA OG FLATSTEINBU
Gradering: Krevjande
Lengde: 4,8 km kvar veg
Tid: Ca. 4 timar opp, 2 timar ned
Turen til Flatsteinbu er ein bratt topptur til platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreen 1260 moh. For å kome til Flatsteinbu går ein først opp til Kvamssetra innanfor som ligg ca 600 moh. Dette er ein bratt etappe, men god sti gjer det til ei fin oppstiging. I greit tempo med effektiv gåing brukar du ca. 1 time opp til setra.
Frå sela på Kvamssetra flatar stien ut og ein held fram bakover Kvamsdalen. Her kan ein nyte utsikta både ned mot Oldedalen, men også innover Kvamsdalen mot fossen. Siste etappe kan vere litt krevjande då ein må gå bratt/klatre opp siste fjellpartiet. Det er montert fast kjetting og boltar i fjellet for å gjere oppstiginga enklare.
På toppen finn ein Flatsteinbuhytta. Om ein held fram ca. 10 minutt bakover fjellplatået frå hytta, kjem ein til eit flott utsiktspunkt der ein kan sjå Brenndalsbreen og fleire 100 meter rett ned i Brenndalen.
Les meir her:
https://www.nordfjord.no/kvamssetra-utanfor-og-innanfor
https://ut.no/turforslag/1113364/flatsteinbu

Så, til sjølve kronjuvelen: KATTANAKKJEN (Kattanakken)
Gradering: Svært krevjande
Lengde: 13 km, 1597 høgdemeter
Tid: Ca. 4 timar opp, 3 timar ned
Fjellet Kattanakkjen er ein høgreist bauta som ligg 1650 moh. Utsikta frå toppen er magisk. Du kan sjå Briksdalsbreen langt der nede, Oldedalen omkransa av ville fjell, den mektige Jostedalsbreen og brusande fosse-fall. Inngangsbilletten er eigeninnsats og ei solid, men overkomeleg treningsøkt opp ei bratt fjellside, og luftig klyving for å kome heilt opp på eggen.
Kattanakken er ein spiss fjellrygg, og turen vil nokre stader opplevast som litt luftig. Dei som forvaltar nasjonalparken ser helst at det førebels ikkje blir gjort inngrep og tiltak for å betre ruta opp mot sjølve nakken. Derfor bør ein væra røynd turgåar med gode sko, og ha nokre treningsøkter i kroppen for å gå den bratte fjellturen. På regnvåte dagar bør ein helst finne seg ein annan tur.
https://www.nordfjord.no/kattanakkjen
https://ut.no/…/111215…/kattanakken-briksdalen-krevjande

HOVEN – Noregs lettaste topptur!
Loen Skylift er ei av dei brattaste banene i verda og løftar deg frå fjorden og nesten rett opp til høgfjellet på 1011 moh. Her kan du vandre på tilrettelagde og skilta turstiar med utsikt over fjordlandskapet eller nyte livet og god mat inne i det komfortable amfiet i restauranten. Her oppe får du ei naturoppleving på kanten av det du trudde var mogleg!
Frå Hoven har du eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven.
Turen opp med bana tek 5-7 minutt kvar veg. Det er avgong minimum kvar heile og halve time, men oftare ved stor pågong. Billettar kan kjøpast på nett, i billettluke i Fjordshop og på automat i Fjordshop, fjordstasjon og på toppstasjonen. Billetten er ikkje inkludert i deltakaravgifta for bibelhelga, men kjem i tillegg.
Det er også mogleg å gå opp til Hoven til fots dersom ein ikkje er fan av store høgder. Grusvegen opp til Hoven frå Oppheim er 7,8 km lang og innebærer 700 høgdemeter. Frå Loen til parkeringsplassen på Oppheim er det 6 km. Det er også mogleg å ta bana ein veg, og gå den andre.
https://www.loenskylift.no/
https://www.nordfjord.no/vandrestiar-pa-hoven-1011-m-loen…
Fjelltur frå Hoven: Gjølrunden
2,2 km totalt / 120 høgdemeter
På denne rundturen kjem du nær spektakulær og dramatisk natur, med panoramautsikt mot Lodalen og Oldedalen. Første tredjedelen av turen har 170 meter stigning, med steintrapper i dei brattaste partia. Lengst mot aust kjem du nær kanten mot Tungegjølet, men så lenge du held deg på stien kan du ferdast trygt. Utsikt til fjord, fjell og bre på høgste punktet. I nord ser du fjella mot Sunnmøre og i søraust ligg Jostedalsbreen nasjonalpark. I lett høgfjellsterreng går stien vidare mot vest. Her kjem du inn på ein grusa tursti som fører deg tilbake til utgongspunktet på Hoven.
https://www.loenskylift.no/vandring
Fjelltur frå Hoven: Skredfjellet
2 km ein veg / 155 høgdemeter
Denne turstien gjev deg utsikt mot fjord, fjell og bre, og er tilpassa alle aldersgrupper. Frå Hoven til Skredfjellet går du på grusa tursti. Nokre korte bratte parti. Etter kvart får du utsikt mot fjorden og dei store dalføra innover mot Jostedalsbreen. Når du kjem opp på fjellryggen ser du Sunnmørsalpane i nord og Gjegnen i vest. Frå toppen ser du utover den 106 km lange Nordfjorden. I aust kan du skimte Skålatårnet 1848 moh. I sør ser du Oldedalen omkransa av isbrear.
https://www.loenskylift.no/vandring
VIA FERRATA, LOEN
Ønskar du deg ei skikkeleg utfordring kan Via Ferrata Loen vere eit alternativ! Bakdelen her er at du går glipp av bibeltimen, sia turen startar på føremiddagen. Kan du utsetje heimreisa er kanskje søndagen ein god dag å gjennomføre denne turen på.
Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg opp frå fjorden til toppen av fjellet Hoven på 1011 moh. Heile vegen har du ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.
På 750 meter over fjorden skal du krysse Europas lengste via ferrata bru, og på toppen møter du Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå. Via Ferrata Loen er ein fysisk krevjande tur, og du må vere i normal fysisk form for å klare og gjennomføre. Turen tek vanlegvis 5 – 6 timar.
Tur med guide og utstyr bookar du her:
https://active.loenskylift.no/…/via…/showdetails…
Les meir her:
https://www.loenskylift.no/viaferrataloen

Ved spørsmål kan du kontakte Andrine:
andrinekvamme@hotmail.com
99599452
Varmt velkomen!
Mvh. Andrine Kvamme Bergsland




