Bibelhelg for unge-vaksne på Gautestad 14. – 16. mars 2025

Påskestemning i fjellet i Setesdal. Sol frå klarblå himmel. Litt snø på bakken og heilt vindstille. Betre utgangspunkt for ei bibelhelg for unge-vaksne kunne vi ikkje bedt om!

Denne helga var det heile 44 unge-vaksne påmeldte til bibelhelga på Gautestad Leirsted i nærleiken av Evje. Jan Bygstad hadde sagt ja til å vere med som talar denne helga og med seg hadde han kona Elsebeth som gav godt tonefølgje til allsongen frå Sangboken. Mange kjente og mindre kjente songar vart løfta fram gjennom helga. Det var godt å få synge saman om Frelsaren som gav sitt liv i vår stad. Mange av deltakarane fekk sjå skatten denne boka er, og nokre begav seg inn på finn.no for å oppsøke eksemplar av boka.

Fredag kveld starta vi opp med taco og kveldsmøte. Jan Bygstad vart forhindra frå å kome den første kvelden, så Olav Andreas Bergsland steppa inn som vikar. Han tok oss med til samtalen Jesus hadde med Nikodemus på taket, og vi fekk tydeleg sjå bindingane mellom hendelsen i Mosebøkene der Israelsfolket var bitt og forgifta av slangar, og vart redda ved å sjå på kobberslangen, – og frelsen vi får ved å sjå på Jesus når vi er «bitt» og forgifta av synda. Det var godt å få lande ved Jesu føter etter ein lang dag i bil og på reise.

Etter møtet var det introduksjon og litt bli-kjent aktivitetar. No var det nok mange som kjente kvarandre frå tidlegare bibelhelger og andre samanhengar, men ein har alltid plass til ein ven eller to til på venelista på facebook. Samtalen flaut lett allereie frå første stund, og etter den korte introduksjonsrunda kunne vi konstatere at også denne helga kom deltakarane frå alle himmelretningar. Nokre hadde til og med tatt turen heilt frå Trøndelag og Møre.

Laurdag morgon kunne ein dra frå gardinene på soverommet og konstatere at også denne dagen var bada i sol. Etter å ha fått på seg raggsokkane og funne seg ein kopp med kaffi var det tid for bønemøte og frukost. Det fine med disse samlingane er at ein kan kome som ein er midt i livet som det er. Kvardagen der heime er ikkje berre enkel, og det å få kome saman, senke skuldrene og dele levd liv er verdifult for mange.

Jan fekk gjennom helga ta oss med inn i temaet «Kristus i Det Gamle Testamentet». Han tok oss med inn i fleire sentrale tekstar og fekk satt eit tydeleg skille mellom lov og evangelium. Det er godt å kunne finne ro i slik stødig og grundig forkynnelse! Bibeltimane og kveldsmøtet ligger tilgjengelige på www.dybde.org for dei som er interessert i å høyre dei.

Laurdag ettermiddag etter skitur, fottur, avslapping og grilling var det invitert til seminar med temaet «Å vinne sin ektefelle i hellighet og ære». Også dette er tilgjengelig på www.dybde.org. Her vart fleire sentrale og viktige tema løfta fram og belyst, og spørsmål vart besvart. Dette temaet gjekk nok igjen i samtalane utover kvelden.

Etter ein solfylt dag full av solkrem, fregner, grillpølser, litt vind og gode samtalar, var det godt med middag etter seminaret. Vidare gjekk turen til kveldsmøte og vitnedel. Fleire fekk peike på vers og tekstar i Bibelen som har blitt til oppbyggelse, og når dette vart fletta saman med gode fellessongar, vart det ein rik kveld på mange måtar. Utover kvelden vart det moglegheit for sjelesorg og forbøn, medan dei som hadde meir behov for å vere sosiale trakk inn i matsalen til kakeservering og brettspel. Behova er så ulike når så mange unge-vaksne samlast, så då er det godt å ha ulike alternativ å velge mellom. Koffeinfri kaffi og knekkebrød med smøreost danna avslutninga for dagen.

Søndagen brakte med seg kokte egg, nytrakta kaffi og vener i alle aldre og med ulike dialekter. I møtesalen var det heilt stille medan Jan opna opp skriftene for oss. Mange skulle nok gjerne ønske at han kunne holdt eit par bibeltimar til, men heldigvis har han skreve ei bok om emnet som kan kjøpast, og det finnes meir undervisning tilgjengeleg på www.bibeltimer.com.

Slike bibelhelger går alltid veldig fort, og er i utgangspunktet altfor korte. Men takksemda er likevel stor for slike samlingsplassar midt i kvardagen. Vi treng kvarandre, og eg håpar at folk er flinke til å halde kontakta også etter at ein har reist heim frå slike bibelhelger. Jesus sendte disiplane ut to og to, og då tenkjer eg at vi heller ikkje er meint å gå aleine.  

Ei av tilbakemeldingene etter bibelhelga uttrykte takksemd over at evangeliet om vår Herre Jesus får stå sentralt i arbeidet, og at gode andelege songar vert løfta fram, – og nettopp dette er vårt store ønske for arbeidet vidare.

Tusen takk til alle som kom og deltok – og gjorde helga til ein god rasteplass for vegen vidare.

– Andrine