Bibelen er ei tjukk og allsidig bok som tek opp mange tema. Rett nok er det eitt hovudtema: Jesu soningsdød og oppstode til vår frelse, altså ordet om krossen. Samstundes inneheld Skrifta alt vi treng til kristen tru, tanke, liv og teneste. Det er mykje vi gjerne skulle hatt svar på, som Guds ord ikkje gjev svar på, men Gud har openberra i Skrifta alt vi treng vita om det som gjeld kristentrua og livet.
Denne veka har vi på Centro Sarepta gjennomgått Jobs bok og Romarbrevet 9-11. Det siste har særleg med Israels frelseshistoriske funksjon å gjera i fortid, notid og framtid opp mot jødar og heidningar si frelse. Det er eit hovudpoeng at Gud ikkje har forkasta sitt gamle folk, men Israel som folk skal verta frelst, og det vil også ha svært positive konsekvensar for heidningefolk si frelse – men det skal vi ikkje seia meir om her!
I Jobs bok står lidinga i sentrum, men ikkje då som eit teoretisk eller filosofisk spørsmål om «lidinga sitt problem». Vi får ikkje eit generelt svar på spørsmålet om korleis liding har kome inn i tilvære, kva si skal tenkja om og gjera med lidinga som problem eller om det er ei løysing på problemet som kan gje ei framtid utan liding. Alt dette har kristendommen faktisk gode svar på, i motsetnad til evolusjonslæra, naturalismen, rasjonalismen, ateismen og religionane generelt, men det skal eg ikkje gå inn på no.
Jobs bok går ikkje inn på problemet med lidinga som fenomen, men lidinga i den kristne sitt liv, her representert med ein gudfryktig mann. Rett nok får ikkje Job svar på kvifor livet hans brått endra seg frå eit liv i rikdom, lukke og ein sterk posisjon i samfunnet, til ein situasjon i fattigdom, liding og der han var sett utafor alt. Han får eit anna svar, eit svar som løfter situasjonen opp på ei høgare og overordna plan, og som med det kan vera til hjelp for oss i alle typar liding og vanskelege livssituasjonar.
Gud seier fleire gonger at Job var ein gudfryktig og rettskaffen mann, ein som det ikkje fanst maken til. Han synda heller ikkje i ord med tanke på korleis han reagerte på ulukka, slik han svarte på dei tre vennene sine talar eller slik han gjekk inn på Gud. Dei tre vennene ville forklara endringa i Jobs liv og lidinga med at han hadde synda, men det veit vi ut frå Guds openberring om Job at ikkje stemmer.
Det var ei vanleg oppfatning at eit gudfryktig liv førte velsigning og lukke med seg, og då kunne ein også slutta frå eit godt liv til at det var ein rettferdig mann. Tilsvarande oppfatta ein at eit gudlaust liv førte forbanning og ulukke med seg, og då kunne slutte frå ulukke og liding til at det var synd i livet som gjorde det. Slik tenkte vennene til Job og ut frå det gjekk dei i rette med han. Job tenkte i utgangspunktet også slik, men han kunne ikkje sjå at det stemte i livet hans. Han gjekk difor i rette med Gud og ville ha svar på kvifor ulukka og lidinga hadde ramma han, og at Gud gav han rett og handla med han ut frå det. Problemet var at Gud heldt seg skjult for Job og ikkje svarte, og det er noko av anfektinga sin situasjon.
Det korkje Job eller vennene hans kunne vita, er det Jobs bok fortel oss om Job ut frå Guds eigen tale om han. Det dei heller ikkje kunne vita, er at det var eit møte i himmelen mellom Gud, nokre av englane og Satan, der Job var tema, og der Satan fekk eit avgrensa handlingsrom til å ramma Job, men der det heile var under Guds kontroll. Vi veit dette, fordi Gud har openberra det for oss, og med det kan vi lesa det som skjer med Job i dette lyset, og ta lærdom av det.
Det korte svar på det som skjer med Job, at Job ikkje får svar på kvifor ulukka og lidinga ramma han, men vi får opplyst at det ikkje var på grunn av synd i livet hans. Det er til stor trøyst for oss. Vi får heller ikkje alltid svar, men vi skal altså ikkje tenkja at det er synd som fører til sjukdom, ulukke og liding i livet vårt. Vi skal også få tenkja at det er bestemt i himmelen kva som får skje i den kristne sitt liv, og det betyr at Gud har kontrollen og har ein plan for og eit mål med det heile.
Det svaret som Job til sist får av Herren, er ikkje direkte svar på det Job har spurt om eller den konkrete situasjonen Job er i. Derimot presenterer Gud seg som den veldig Gud, som Den Allmektig, han som har skapt universet, naturen og dyra – og som har oversikta over alt og held alt i si hand. Gud overgår på alle måtar mennesket. Når Gud slik har hand om alt dette veldige, kan og vil han også ha hand om alt som skjer i våre små liv.
Dette fører ikkje til at vi forstår alt som skjer i livet, slik forståing fekk heller ikkje Job.
Det Job fekk, var ei tillit til Gud – også i det han ikkje forstod.
Slik tillit til Gud kan vi også få og ha i alt som skjer i livet. Gud er alltid den same, slik at vi kan ha like stor tillit til Gud i det vi ikkje forstår, som i det vi forstår. Djupast sett ligg denne tillita i slik Gud har openberra seg for oss i Jesus Kristus.
Johannes Kleppa