Denne veka har vi på Centro Sarepta hatt ein grundig gjennomgang av apostelen Peter sin to brev. Det var Bo Knudsen som stod for det. Han er prest i den danske folkekyrkja. Sjølv om denne kyrkja er omtrent like liberal som den norske, særleg når det gjeld biskopane, er det rom også for klart teologiske konservative og bibeltru prestar. Bo Knudsen er ein av desse. Det er truleg arven frå Grundtvig som gjer at det er større grad av toleranse i den danske enn i den norske kyrkja.
Ved denne gjennomgangen gjekk det opp for meg kor sterkt kapittel to i Peter sitt andre brev er med tanke på falske profetar, falske lærarar og vranglære. Det er ein svært sterk språkbruk når det gjeld alvoret med vrang lære. Om desse profetane og lærarane seier apostelen at dei «fornektar Herren som kjøpte dei». Han seier om vranglæra at ho fører til fortaping.
Når språkbruken er så sterk som han er, må det dreia seg om alvorlege avvik i forhold til sann og sunn lære. Det seiest ikkje så mykje om kva denne læra går ut på konkret, og med det må vi vera varsame med å overføra det Peter skriv til vår tid og vår kykjesituasjon. Vi kan koma i skade for å definera folk som vi er usamde med som falske lærarar og lære som avvik frå kva vi står for, som vranglære, der det i realiteten dreier seg om ulike tolkingar.
Samstundes er det slik at språkbruken og argumentasjonen er så sterk at vi må ta saka på stort alvor, og vi må seriøst bruka det inn i vår tida og prøva ulike lærdomsvær og teologiske lærarar av alle valørar på det Peter skriv, fordi det er skrive med apostolisk mynde og autoritet. Apostelen konstaterer kort og godt at falske profetar og lærarar finst, og fanst dei då, så finst dei no.
Eit hovudproblem er at dei falske lærarane ikkje stig ope fram med vranglæra si, men dei «lurer» henne inn. På dansk er det brukt eit uttrykk som kanskje er enda sterkarar: Dei «innsmugler» vranglæra. Poenget med smugling er at det vert gjort slik at ingen skal oppdaga det. Varer vert førte inn skjul. Oftast er det medvite, men det kan også skje utan at ein sjølv er klar over det. Uansett vert noko lurt ulovleg inn.
Konsekvensane av vranglæra er alvorlege fordi det fører «til fortaping» og at «sanningsvegen vert spotta». Vranglærarane talar «oppdikta ord», men dei gjev det altså ut frå å vera frå Gud. Guds dom kviler over dei, men Gud vil utfri dei gudfryktige.
Eg skal ikkje her gå inn på konkret vranglære, korkje frå Peter si tid eller frå vår tid. Derimot vil eg ut frå det Peter skriv, formana oss til å vera vakne med tanke sann lære og vranglære. Etter mitt skjønn tek vi alt for lite på alvor falsk lære, særleg når ho kjem frå teologisk hald – med eller utan preste- eller bispedrakt. Det er generelt eit kristent ideal å ta alt opp i beste meining, men det skal vi ikkje gjera med tanke på vranglære. Der skal vi vera vakne og prøvande, og vi skal ta oppgjer og avvisa. Dei falske lærarane skal ikkje få talarstol og vranglæra skal ikkje få rom i den kristne forsamlinga.
Det er knapt nokon som står fram og seier dei forkynner vranglære. Dei meiner anten at Bibelen lærer det dei seier, eller at vi ut frå eit eller anna bibelsk prinsipp i dag må læra og praktisera annleis enn det Bibelen etter sin ordlyd seier. Det er ei form for å lura eller smugla inn vranglære og bibelstridig praksis. Då må det avslørast og avvisast, også om det kostar noko på det personlege planet eller for den kristne samanhengen ein har ansvar for. Over tid er alltid vranglære åndeleg destruktiv.
Eg vil tilråda alle med ansvar for lære, forkynning og åndeleg leiarskap til å gå grundig gjennom kapittel to i Peter sitt andre brev!
Johannes Kleppa
foto: Adobe stock