Pinsetankar – ny bok frå Sarepta Medier

Sarepta Medier har tidlegare utgitt andaktsbøker for adventstida og fastetida, Til Betlehem og Til Jerusalem. No har det også kom ei bok etter same malen med tanke på pinse, og med det med Anden og misjon i fokus. Som dei to første er også denne skriven av Johannes Kleppa, formann i Misjon Sarepta.

På omslaget vert boka presentert på denne måten:

Tida mellom påske og pinse er i kyrkjeåret kalla påsketida. Pinsedag er den femtiande dagen, og med det byrjar påsketida første påskedag. Dette er ei tid til å reflektera over det som skjedde i påskehelga, samstundes som ein rettar blikket mot pinsehelga. Då kjem også misjon i fokus. Denne vesle boka er meint som ei hjelp til dette. Målet er å få fram noko av breidda og djupna i det som gjeld pinsebodskapen. Det er henta fram tekstar frå både GT og NT som talar om Den Heilage Ande og om Andens gjerning, og med det om misjon. Det er ikkje heilt vanlege andaktar, men det er heller ikkje berre refleksjonar rundt Den Heilage Ande og pinsa. Det er lagt vinn på at det skal vera bibelsk substans, samstundes som det er ei viss aktualisering. Sidan påske og pinse ikkje har faste datoar, startar dag ein med påskedag og held så fram til dag femti, pinsedag.

Boka er ytre sett fin, men ho er billig. Prisen er berre kr 150,-. Boka vert seld på Sarepta sine møte, og i nokre bokhandlar, men ho kan også bestillast hjå Misjon Sarepta og verta sendt i posten. Då kjem porto i tillegg. Du bestiller på nettbutikken her:

Sidan boka er tenkt brukt mellom påske og pinse, må du hugsa å skaffa deg henne før påske!