Centro Sarepta og Israel

På Centro Sarepta prøver vi å ha grundig undervisning og stor breidde i det som det vert undervist om, med hovudvekt  på innføring i ulike bibelske bøker og det sentrale i kristentrua. Det er viktig at det vert undervist i heile Guds råd og vilje, og at ein får innføring i tema som er aktuelle i tida.

Denne veka har underteikna hatt fem timar om englane i Bibelen, og det har vorte godt motteke. Det har vore ekstra hyggeleg og utfordrande at 10.klasse frå ein kristen friskule har delteke på fleire av timane. Det er Tryggheim Strand som har vore her denne veka, og det har vore ei stor glede å ha elevane med sine lærarar her. Dei har delteke på morgonsamlingane, noko av undervisninga og har dei hjelpt Hjarteekspressen. som drive eit viktig diakonalt arbeid – og som Sarepta støttar. Elevane har sjølvsagt også vore på fleire turar og hatt gode opplevingar. Vi trur ei veke ved Centro Sarepta har stor verdi for ungdomar i denne alderen. Badebassenget har vore flittig brukt, både av elevane og andre gjester!

Det viktigaste denne veka med tanke på undervisning har vore Odd Sverre Hove sine 10 timar om Israel. Det meste av tida har han brukt på landlovnadene, og vist at desse står fast – og at den såkalla «erstatningsteologien» ikkje held mål. Han har også vist samanhengen mellom landlovnadene og frelsesspørsmålet, både Israels frelse og verdsmisjonen. Hove har stor bibelsk innsikt i desse spørsmåla, og det har vore lærerikt å fylgja hans detaljert gjennomgang av ulike bibelske tekstar.

Hove er også uvangleg godt orientert om den dagsaktuelle situasjonen i Midtausten, og han har gitt nokre glimt inn i det som skjer. Det er knapt andre i landet vårt som sit inn med den kompetansen på dette området som Odd Sverre Hove gjer, fordi han kombinerer bibelsk kunnskap, historisk kunnskap, kunnskap om islam og stor kunnskap om og innsikt i den dagsaktuelle situasjonen. Vi er glade for å få nytta denne kompetansen på Centro Sarepta.

Spørsmål knytt til Israel er alltid aktuelle, fordi dette folket og dette landet har ein spesiell plass i frelseshistoria og i Guds styring med verda, ikkje minst i endetida. Nett i desse dagar er det ekstra aktuelt, fordi Israel er i ein komplisert og omfattande krigs- og forsvarssituasjon. Det er krig mot Hamas i Gaza, mot Hizbollah i Libanon og ein krigssituasjon overfor Iran – det siste veit ein ikkje korleis vil utvikla seg.

Israel har hatt stor suksess i denne krigen og er i ferd med å nedkjempa både Hamas og Hizbollah, og landet er i ein sterk posisjon overfor Iran. Israel har ført ein lang om omfattande krig, og den kan vara enda ein stund. Sjølv om Israel går sigrande ut av krigen no, fører det nok ikkje til ein varig fred, sjølv om det kan vert meir stabilt i ein del år framover. Det er uhyre vanskeleg å nedkjempa og kvitta seg med terrorisme og geriljakrig.

I sisten timen om Israel på Centro Sarepta var det ein som påpeikte at sjølv om Israel no langt på veg har vunne den militære krigen, har dei tapt mediekrigen. Det kan føra til store problem for Israel framover, og for jødar same kor i verd dei er. Israel kan koma til å verta enda meir isolert enn før og koma under stadig sterkare press på ulike område. Jødane vil verta enda meir utsette for antisemittisme. Begge deler ser vi tydeleg i vårt eige land, og vi ser det ikkje minst i FN og på amerikanske universitet. Diverre er også Spania eit sterkt Israel-kritisk land.

I denne situasjonen er det viktig at det bibeltru kristenfolket støttar Israel. Det kan ein gjera ved å ta fram i forkynninga bibeltekstar som talar om Israel, særleg landlovnadene og lovnadene om frelse for det jødiske folket, ha temakveldar der ein går inn i den dagsaktuelle situasjonen og generelt held seg orienterte om Israel og Midtausten på alternativ måte i forhold til det ein får gjennom media generelt, og då er Dagen, Norge i dag og Bedehuskanalen til god hjelp. Det aller viktigaste er å be trufast for Israel og det jødiske folket – både om vern og frelse.

Johannes Kleppa