Nye sendetider for Sareptas krukke

Programmet Sareptas krukke som Sarepta lagar i samarbeid med Bedehuskanalen, og som vert sendt kvar fjortande dag, får no nye sendetider. Dette er i stor grad eit samtaleprogram.

Den første sendinga vil vera søndag kl 19.30, og så vil det vera reprise påfylgjande torsdag kl 11.15 og laurdag kl 09.00.

Vi trur det er mykje godt innhald i Sareptas krukke, både med tanke på Sarepta sitt arbeid, aktuelle spørsmål i tida, song- og musikk og bibelundervisning.

Dersom du ikkje får sett programma på Bedehuskanalen, kan du gå inn på vignetten «Sareptas krukke» oppe på denne sida. Der vert alle programma ut lagde etter kvart som dei er sende, og du kan sjå dei når du vil!

Det første programmet med dei nye sendetidene kjem søndag 20. oktober. Det er eit samtaleprogram med Odd Sverre Hove om krig og rettferdig krig, særleg aktualisert på situasjonen i Midtausten og for Israel.

Johannes Kleppa