Sanninga og ideologisk kamp

Det er sagt at i krig er det første som går tapt, sanninga. Ein kan ikkje lita på at det partane seier
er sant, eller at dei seier heile sanninga. Dei vel ord og uttrykk som villeier og forvirrar. Slik er det
eigentleg i ein kvar strid, også i ideologiske kampar.

Alv Magnus, tidlegare leiar i Ungdom i oppdrag, skreiv nett ein tankevekkande og interessant
artikkel i Dagen, der han tek opp spørsmålet om sanninga. Utgangspunktet hans er Børre
Knudsen sin kamp mot abortlova, eller rettar mot fosterdrap, og regjeringa sitt forslag om å
utvida grensa for fri abort, eller rettare fritt fosterdrap, frå veke 12 til veke 18.

I kampen for fri abort med det rett til fritt fosterdrap, har sanninga om barnet i mors liv for lengst gått tapt. Ein brukar ord som omskriv realitetane og som reduserer alvoret i saka. Det fremste døme på det er at ein brukar framandordet «abort», i staden for det norske ordet «fosterdrap». Ein brukar altså eit ord som i realiteten er blindt, framfor eit ord som fotograferer realiteten eksakt.

Magnus minner om at noko av det viktigaste for Børre Knudsen var å få fram sanninga i saka, kva det reelt dreidde seg om. Han brukte ord og handlemåtar som svarte til sanninga, eller som i det minste prøvde å få fram realiteten saka. Det provoserte voldsomt, og profeten Børre møtte både

motstand og fengsel. Ved å bruka omskrivande ord og diplomatiske handlingar kan ein få ei form for respekt og sympati, men det vert med det. For barnet i mors liv vert det utan resultat.

Alv Magnus minner om at Børre Knudsen ikkje var den første som provoserte ved å seia sanninga, og som difor møtte motstand og forfylging. Den fremste her er Meisteren sjølv, Herren Jesus Kristus, og Magnus skriv:

«I en engasjert disputt med sine landsmenn, referert i Johannesevangeliet, sier han rett ut: Jeg sier sannheten, og derfor tror dere meg ikke.

Sannheten har trange kår. Vi elsker ikke sannheten. Sånn uten videre. Den er ubekvem. Ingen vil leve som samboer med sannheten. Den må man gifte seg med. Og det koster. Det krever
omvendelser og stadige justeringer. Hvem er villig til det?

Sannheten om vår virkelighet er beskrevet i Bibelen. Derfor er den under vedvarende angrep. For
den er sannhetens røst. Den er Guds budskap til menneskene. Her får vi vite at Gud og mennesker har en usynlig fiende. Bibelen kaller ham djevel og satan. Han er en morder og en løgner og løgnenes far, sa Jesus. Han er altså løgnens opphavsmann. Hans makt begrenses der
sannheten får innpass. Hans første angrepsmål er nettopp sannheten. Dypest sett er det derfor
et uttrykk for djevelens økede makt og innflytelse i vår kultur, når det ikke lenger er allment
akseptert at noe er absolutt sant.»

Det vi kallar postmodernismen har løyst opp sanningsomgrepet. Det er ikkje noko som kan seiast å vera absolutt sant, og som difor er sant for alle menneske i alle kulturar og til alle tider.

Den einskilde definerer sanninga sjølv, slik at sanninga vert personleg, relativ og flytande. Det er ikkje noko sanning som forpliktar andre enn ein sjølv, og ein kan også sjølv endra oppfatninga kva som er sant. Då er i realiteten debatten om kva som er rett og galt meiningslaus og oppheva.

Når vi så kjem til ideologiske spørsmål, ser vi at det som for få år sidan vart oppfatta son sanning og røyndom, no er oppløyst. Vi ser det tydeleg i spørsmålet om samliv og ekteskap. Sanninga om mennesket skapt i Guds bilete som mann og kvinne, er borte, og vi står att med ein dyreart som kan ordna seg som ein vil på dette området – berre dei det gjeld, er samde om det. Vi ser det same i spørsmålet om kjønn, der sanninga om mann og kvinne som er eintydig i biologien, er erstatta av ei oppfatning som seier at kjønn er noko sosialt og konstruert, og då kan ein velja sitt eige kjønn ut frå eiga oppleving av seg sjølv.

Det er altså ikkje berre i militær krig at sanninga går tapt. Det skjer på mange område. Då landet
vårt ville innføra ei løgn om barnet i mors liv, og med det også ei løgn om kvinna som mor, tok Børre Knudsen kampen opp, og eg sluttar meg til Alv Magnus sine ord:

«Da gikk Børre Knudsen ut på gater og torv og inn i sykehusenes korridorer med sine protester. Ære være ham for hans kamp for sannheten.»

Johannes Kleppa