Misjon Sarepta 10 år – ei jubileumsgåve?

1. august 2014 starta Misjon Sarepta sitt arbeid, og med det er det i desse dagar 10-årsjubileum. Sarepta starta som eit arbeid i tru til Gud, med kroner null på konto og to tilsette i full stilling. Arbeidet vidare har kontinuerleg vore eit trusprosjekt, ikkje minst ved etableringa av Centro Sarepta i Spania. Hovudfokuset har vore å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord.

Det har heile tida vore ei bønn om at Herren måtte visa veg og opna dører, og gje det som trongst av berekraft i forbønn og gåver. Det var vel ingen som såg føre seg at arbeidet skulle utvikla seg slik det har gjort. Herren har opna dører og kalla folk inn i teneste, både som lønna og ulønna, i Noreg og Spania. Samstundes er det stadig utfordringar og behov både i Norden, Spania og andre stader vi har kontakt, som vi skulle ha gått inn i. Til det krevst både folk, forbønn og midlar – og ikkje minst tru.

Vi har i liten grad feira 10-årjubileumet, men under Sareptasommer i Fyresdal markert vi med eit historisk tilbakeblikk og bønn – og med kjempegod kake spesialbaka av Tonstad-bakaren Svein Sturla Tonstad. Vi hadde også misjonstivoli og misjonsløp med rekordresultatet. Det var eit godt jubileumshandslag.

Vi har tenkt at kanskje også folk som ikkje var i Fyresdal kunne tenkja seg å gje ei jubileumsgåve i takk for det som så langt har skjedd i regi av Misjon Sarepta, og som eit handslag til vidare satsing. Det var ein som føreslo at vi burde utfordra folk til å gje kr 10.000, altså eitt tusen for kvart år. Det ville sjølvsagt vera hyggeleg om folk gjorde det, men andre beløp er like velkomne!

Med dette er altså utfordringa til ei jubileumsgåve gjeven!

Vipps 11616

Kontonr: 3000.31.58000

Nedafor fylgjer ein historikk for Misjon Sarepta sine 10 år, særleg for oppstarten og tanken bak det heile. Denne vart utarbeidd i samband med markeringa i Fyresdal.

Johannes Kleppa