Misjonslektyre for Sarepta-venner

Vi pleier ikkje ha bokmeldingar på heimesida til Sarepta, men her fylgjer ei melding som eg har skrive for Dagen. Etter mitt skjønn ville det vera godt for Misjonssambandet sitt arbeid, Sarepta sitt arbeid og alt anna misjonsarbeid om kristenfolket las denne boka. Det dreier seg om ekte misjonslektyre, som ein gjerne kan nytta nokre sommartimar på!

Johannes Kleppa

Svært god misjonsbok frå Etiopia

Dette trur eg er den beste misjonsboka eg har lese. Ho er god av fleire grunnar. Boka er svært spennande ved at det er mykje dramatikk frå krig, opptøyer og forfylging. Boka er god fordi ho er sterkt utfordrande når vi ser kva offer som vert gjeve i misjonens teneste for folks frelse.  Boka er til inspirasjon fordi vi får så kva vekking og kyrkjevekst som fylgjer i misjonens spor.

Det er Odd-Åge Ågedal som gir oss 50 glimt frå sitt mangeårige virke som misjonær i Etiopia. På eitt vis vert han med det som ein gjennomgangsfigur i forteljinga, men ikkje på ein slik måte at det er han og hans teneste som kjem i sentrum. Det er misjonsarbeidet og det som skjer i dei områda han har sitt virke, som vert saka.

Ågedal har gjort ein pedagogisk genistrek, som eg ikkje kan hugsa eg har sett andre har gjort, ved at han startar kvart kapittel med ein referanse til Paulus eller andre frå den første misjonstida, altså frå Apostelgjerningane og brevene i NT. Med det får ein løfta det misjonsarbeidet han skriv om, inn i eit bibelsk perspektiv. Dette er ikkje noko påklistra, men det heile fungerer organisk.

Det er umogleg å gje eit referat av boka, fordi glimta er mange og korte, og difor er boka også lesevenleg. Etiopia har i mange år vore eit svært sentralt misjonsland for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som Ågedal var utsendt for. Av dette og anna misjonsarbeid har det vakse fram ei stor luthersk kyrkje i landet, Mekane Jesus-kyrkja, som framleis har stor kyrkjevekst.

I den perioden NLM har verka i Etiopia, har det vore stor endringar og omveltingar i landet, frå tider med fred og ro til tider med revolusjon, opprør og krig. Det siste kjem svært sterkt fram i boka. Eg var ikkje klar over at situasjonen hadde vore så dramatisk for misjonærane som vi her får skildra. Det stod fleire gonger om livet, og heile familiar måtte på flukt.

Det er fascinerande å fylgja pionerarbeid i unådde området, oppbygging av forsamlingar og bibelskulearbeid. Det starta med ingen ting, vart store kyrkjelydar og opplæring av medarbeidarar for å nå enda lengre ut med evangeliet. Ytre sett var det ofte svært enkelt, med alt frå vandring med bibel og sovepose, via bruk av ein solid bil til spartanske buforhold for familien. Resultata kunne vera både små og store, og det kunne vera fråfall og ekte truskap. Gjennom alt har evangeliet gått sin sigersgang, og det gjer det framleis. Frå eit åndeleg nullpunkt kunne ein etter relativt få år samla fleire tusen til stemne.

Dette er ei misjonsbok som eg verkeleg vonar får mange lesarar, og ho er lagt opp og skriven på ein slik måte alt Guds folk kan lesa henne og ha utbytte. Ja, eg trur også folk utafor kristenfolket kan oppleva boka spennande og fascinerande. Ågedal skriv godt. Han skriv enkelt, men ikkje banalt. Det er spenst både i språket og i tankegangen.

Mitt råd er altså: Ta og les, og vert gripen, takksam og inspirert!

Johannes Kleppa

Odd-Åge Ågedal

Gud var ikke død

50 glimt fra misjon i Etiopia

Ebmedia 2024

Hft. 192 sider