Misjon Sarepta starta opp i 2014. Det er 10 år sidan. Men det vart ikkje mykje tid til feiring. Det er saka som opptar oss mest. Guds Ord må forkynnast!
Difor har Guds Ord stor plass der Sarepta har eit arrangement. Lørdag og søndag er det 2 bibeltimar. Landsmøtet var ein seksjon på lørdag ettermiddag. Og så var det kveldsmøte fredag og lørdag. Alt avsluttast med eit sangmøte søndag ettermiddag.
Kristian Fagerli hadde to bibeltimar. «Kven drepte Jesus», spurte Kristian. Det var jødane, ja. Det var romerane, europarane som eksekverte Jesus. Det er også sant å seie at det var meg og deg som var årsaka til det. Det er også rett å seie at det var Gud som ofra sin son. Men til sist er svaret. Ingen tok Jesus liv. Jesus gav det sjølv, heilt frivilleg.
Jostein Skartveit var med som gjestetalar dette året. I tillegg tala Johannes Kleppa og Ole Andreas Meling på kveldsmøter. Tor Andrè Haddeland minna oss sangmøtet om å sjå på Jesus. Men det kan vi ikkje gjere på kommondo. Vi treng å få Kristus forkynt for oss, så rettast blikket på Han. Eit vellukka landsmøte er det når dei som deltok reiser heim, med fornya tru på Jesus og ein brann for at «Alle, alle må se, den herlige frelser jeg eier, ham alle, alle må se!».
Landsmøtet vart halde på Ognatun dette året. Det fungerte veldig godt som arrangementstad. Rundt 60 personar overnatta på staden, og i underkant av 100 mennesker deltok på møtene.
Landsmøte skal velge inn ein person i styret, i tillegg til ein vararepresentant. Støttemedlemmer kan stemme ved valget. Dette året stemte 39 støttemedlemmer. For 3 år sidan var det 25 støttemedlemmar som stemte. Det er nå 108 registrerte støttemedlemmer i Misjon Sarepta.
Ove Kjell Gundersen frå Evje, vart valgt inn i styret. Rolf Lavik vart valgt som 2. varamann.
Det vart også valgt ei valgnmend. Den består av Magnhild Claudius, Svein Wilhelm Nessa og Ståle Tønnesen.
Du kan høre noen av talene fra landsmøtet
Ole Andreas Meling