E.v.t. eller e.Kr.?

Vi har i mange hundre år rekna tida frå Jesu Kristi fødsel, og slik vert også den norske almanakken presentert. Tidsrekninga har vore før eller etter Kristi fødsel, og med det har Jesus vore plassert i sentrum for tida. På den måten har vi eit fast tidspunkt i historia å rekna ut frå, definert ved ein person og hans fødsel. Slik har det vore i heile den vestlege kulturen, fordi denne er prega av kristen kultur, altså av trua på Jesus. I andre kulturar brukar ein andre historiske hendingar eller personar å rekna tida ut frå. I jødedommen er dette Adam, altså skapinga.

Nokre har funne opp ei finurleg og fiktiv tidsrekning ved at ein snakkar om «etter vår tidsrekning» (e.v.t.). Som historisk referanse er det reine tullet. For når startar «vår», og kva var før «vår»? Det er jo ikkje noko tidspunkt i historia som kan definerast som vår eller vårt. Den einaste grunnen til at ein kan bruka eit så meiningslaust uttrykk, er at «vår» reint faktisk er definert som «Jesu Kristi fødsel». Poenget er sjølvsagt å få bort den kristne tenkinga og den kristne kulturforståinga som ligg i tidsrekninga med Jesus som orienteringspunkt. Realiteten er at ein berre språkleg kjem seg unna den kristne orientering, men ikkje reelt sett.

Ein absurditet som e.v.t. viser berre kor sterk viljen til sekularisering er. Ein tek i bruk ein språkleg og historisk nullitet for å oppnå målet sitt. Det er eit typisk uttrykk for at målet helgar midlet. Viljen til sekularisering har vorte religiøs, der ein trur på eit «vår» som ikkje eksisterer. Ingen kan koma frå at Europa har vore det kristne kontinentet, og då er tidsrekninga ut frå det året keisar Augustus held manntal og Jesus vart fødd. Seinare kom også Nord-Amerika til som eit kristent kontinent og den same tidsrekninga var sjølvsagt der. Med den sterke posisjonen kristendommen fekk, vart same tidsrekninga naturleg over store delar av verda.

Dei som vil innføra e.v.t. arbeider altså mot historia og mot logikken, men for religiøs sekularisme, altså ein «religion» der ein trur på ingen ting eller på ei innbilt historieforståing. Vi ser stadig døme på at ein brukar denne sekularisert historieforståinga, og då kan det vera grunn til å minna om den lange historia kristentru har her i landet. Vi står no på terskelen til år 2024 etter Jesu Kristi fødsel. Det året skal vi markera 1000-årsjubileum for den formelle innføringa av kristendommen i Noreg, altså det året vi reknar at landet vart kristna. Det er ikkje året for då den første nordmannen vart kristen, det skjedde lenge før. Det er heller ikkje året for at vi fekk den første kyrkja eller fekk det første kristne kyrkjesamfunnet. Det har vi ikkje ein fast dato for.

Det dreier seg om eit Ting og eit vedtak. I 1024 vart Mostratinget halde, og kristenretten vart vedteken. Kristenretten var ei lovsamling som bygde på kristen tru, etikk og tenking, og som sa korleis landet skulle styrast og korleis folket skulle leva. Seinare vart denne kristenretten vedteken på dei andre tinga rundt om i kongeriket. Dette var i stor grad grunnlaget for kristninga av landet, både ved at det la Guds vilje til grunn for lovgjevinga og ved at det la til rette for ei kristen kyrkje og for forkynning av Guds ord. Dei som her i landet vil innføra e.v.t., må sjå bort frå og overkjøra denne 1000-årige historia. Frå nyare tid må dei oversjå og overkjøra den avgjerande funksjonen kyrkje og kristentru hadde å seia under siste verdskrigen i kampen om nazismen og forsøket på å nazifisera folket.

På toppen av dette kan vil setja at ikkje berre historia er orientert ut frå Jesus Kristus, men også året og års hjulet. Jesu fødsel er i kalenderen plassert slik at Jesu namnedag vert 1. nyttårsdag. Året startar med og i Jesu namn.

På denne bakgrunnen kan vi i dobbelt betydning ønskja kvarandre godt nytt år i Jesu namn!

Johannes Kleppa