Israel – krig og forsvar

På nytt er det krig i Midausten. Israel har ikkje vore utsett for så omfattande og brutale terrorhandlingar i nyare historie som det Hamas no har utøvd. Det har ikkje vorte drept så mange jødar på få dagar sidan andre verdskrigen og Holocaust. Fordømingane over Hamas har vore sterkare og meir omfattande enn nokon gong før, og Israels rett til forsvar og motangrep har vorte framheva langt sterkare enn før, men straks kjem det eit kritisk søkjelys på korleis Israel fører sin forsvarskrig. Eg vert opprørt over den betreviten og arrogansen som stadig kjem til uttrykk frå folk som lever eit trygt liv i fredelege Noreg med tanke på korleis Israel skal opptre for å overleva med fiendar rundt seg på alle kantar, og med kontinuerleg terror overfor fredlege folk.

Ein treng ikkje vera militærekspert eller Midt-Austenekspert for å forstå at det er uhyre vanskeleg å føra krig på eit så lite lite område som Gaza med så tett folkesetnad. Det må i all hovudsak verta ein krig der sivile lever og bur. Ein treng heller ikkje vera ekspert på bistand og humanitære forhold for å forstå at krig i ei slik samanheng vil og må føra til umenneskeleg liding for svært mange. Alt dette er Israel fullt klar over. Problemet er at Israel har ingen annan plass å føra sin forsvarskrig. Dei må forsvara seg mot og nedkjempa fienden der han er – og det er på Gaza-stripa med sine over to million innbyggarar. Midt i at krigen er brutal, gjer dei det så skånsomt som mogleg ut frå situasjonen.

Problemet er at Hamas fører terror og krig mot Israel frå Gaza. Sluttar dei med det, vert det ingen krig i Gaza, og ingen liding for folk der på grunn av Israels forsvarskrig. Problemet er ikkje berre at Hamas fører krig frå det området som heiter Gaza med sin tette folkesetnad, men at dei på toppen av det heile gjer det frå byar og sivile bygningar, slik at Israel er nødt til å ramma sivile mål for å treffa militære mål. Det heile har sitt uhyrlege klimaks i at Hamas-leiarane skjuler seg i tunnelar og bomberom, medan sivile fungerer som skjold og målskiver for bomber og artilleri. Dessutan er det heller ikkje klare grenser mellom militære og sivile, fordi folket generelt støttar opp om Hamas. Når Israel bed folk i visse området i Gaza evakuera, fordi dei kjem til å angripa militære mål der, bed Hamas folket la vera. Hamas ofrar kynisk sine eigne folk for å få Israel til å framstå som brutale, og diverre let mange seg lura.

Det er knapt nokon hær i verda, som gjer så mykje for ikkje å ramma sivile, som den israelske hæren, og det er knapt andre soldatar som set seg sjølv i så stor fare som dei israelske, for å hindra at folk skal rammast urettmessig. Etter som eg har forstått, har høgtståande ekspertar internasjonalt gjort undersøkingar som viser at den israelske hæren kjem svært godt ut samanlikna med andre hærar når det gjeld etikk og det å opptre såkalla proporsjonalt, altså med den maktbruken som svarar til situasjonen. Det er altså ingen grunn til å ha eit spesielt kritisk blikk på Israel slik sett, eller framstå med stadige formaningar.

Israel vert kritisert for å stengja grensa til Gaza, men kva skal dei elles gjera for å forsvara seg mot infiltrasjon og terror derifrå? Det er langt mindre kritikk mot Egypt, som også held grensa stengt, sjølv om dei ikkje er utsette for terror og krig frå Gaza. Dei tek likevel ikkje sjansen, fordi dei ikkje stoler på Hamas. I staden for å kritisera Israel for å stengja grensa, burde kritikken rettas mot Hamas og Gaza for at dei ikkje respekterer grensa, men krysser denne med krig og terror. Då har ikkje Israel noko val.

Israel vert også kritisert får å kutta forsyningane av mat, straum, drivstoff og vatn. Problemet er at alt dette vert nytta i krigføringa og terroren mot Israel. Det å tilføra dette til Gaza, er reelt å gje Hamas føresetnader og ressurser til all lidinga dei påfører det jødiske folket. Sluttar Hamas med sin krig og terror mot Israel, vil folket i Gaza få tilført det dei treng, og dei kan byggja opp eit livskraftig samfunn. Når det vert sagt at norske bistandsmidlar ikkje går til Hamas si krigføring, er det uttrykk for surrealistisk naivitet. Den som vil sjå med opne augo, vil sjå at bistand både går til Hamas sin terroraktivitet og til å frigjera andre midlar til denne aktiviteten. Stansar vi tilføring av midlar, vil det redusera Hamas sine føresetnader for krig og terror.

Kort sagt: Når det er semje om at Hamas driv terror, og at Israel har rett il å forsvara seg og nedkjempa Hamas som terrororganisasjon, må dei også få høve til å gjera det som trengst for at det kan skje. Her som ellers gjeld det, at den som har skoen på, veit best kor han trykkjer.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock