Kunstig intelligens og menneskets ansvar

Det har vore ein del skriving og debatt om kunstig intelligens i det siste, og det kan vera grunn til å tenkja gjennom dette fenomenet ut frå kristen røyndomsforståing. Eg er ingen ekspert på spørsmålet, og slik sett er eg nok i godt selskap med dei aller fleste. Dei som er ekspertar, vurderer kunstig intelligens noko ulikt. Alle synest likevel at det er både goder og ulemper, nytte og fare med denne nye teknikken.

Den tekniske utviklinga dei siste par generasjonane har vore enorm, og heile tida har det vore diskusjon om utviklinga er god eller skadeleg. Den tekniske og digitale verda har vorte så omfattande og innfløkt at ingen har full oversikt. Det same gjeld den medisinske utviklinga. Det er openbert at mykje kan brukast til det som er godt, men det er like openbert at det kan stå i det vonde si teneste. Det trengst med andre ord ei etiske vurdering av utviklinga og av bruken av alt det nye. Det må skje ut frå ei kristen forståing av tilværet.

Eg har ikkje føresetnader for å gå detaljert inn på kva som er mogleg eller umogleg med tanke på kunstig intelligens, men det er heller ikkje nødvendig her. Eg skal heller ikkje gå inn på kva område denne typen intelligens kan og skal brukast til. Det vi må ha klart føre oss i denne samanhengen, er at det dreier seg om maskiner eller robotar, same kor «intelligente» dei måtte vera. All teknikk og all kunstig intelligens er produkt av mennesket sin intelligens. Ikkje noko av dette har vorte til av seg sjølv, ved ei form for evolusjon eller overnaturleg skaping. Det har sitt utgangspunkt i mennesket, og med det skal det vera underlagt mennesket. Spørsmålet er om mennesket har sett i stand noko eller starta ein prosess som det har mista kontrollen på, eller som er programmert slik at det faktisk styrer eller kjem til å styra mennesket.

Det store spørsmålet er korleis intelligens står i forhold til at mennesket er skapt i Guds bilete, og at det berre er mennesket som er skapt slik. Dette betyr at mennesket er skapt til samfunn med Gud og til ansvar for Gud. Det er berre mennesket som er skapt til slikt ansvar, og som Gud krev til ansvar. Det er difor også berre mennesket som må stå ansvarleg for syndefallet og for personleg synd, og med det er det berre mennesket som er omfatta av Jesu forsoningsverk, og som treng og får syndstilgjeving – sjølv om dette har konsekvensar for heile skaparverket.

Kunstig intelligens er altså ikkje skapt i Guds bilete, same kor «intelligent» ein maskin eller ein robot måtte vera. Kunstig intelligens har difor ingen å stå ansvarleg overfor, like lite som ein hammar eller ein PC har det. Dette betyr at kunstig intelligens ikkje kan sleppast fri, opptre sjølvstendig eller framstå på eigne premissar – same kor «klokt» eller «intelligent» produktet måtte vera. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at kunstig intelligens kan framstå meir «intelligent» enn menneskeleg intelligens, ved at han kan produsera utrekningar og utgreiingar som ikkje noko menneske kan klara åleine. Kunstig intelligens vil jo vera summen av det mange menneske sin intelligens puttar inn i det, eller programmerer det med.

Som all teknikk og alle datamaskiner kan og vil vera til hjelp for mennesket, kan og vil også kunstig intelligens det. Det er og forblir likevel «kunstig» intelligens, altså intelligens som ikkje står til ansvar for nokon, og som kristent sett ikkje høyrer inn under mennesket sitt gudsbilete. Tilsvarande vil difor kunstig intelligens også garantert vera til skade for mennesket. Desse to sidene høyrer til det som ligg i at Gud har skapt verda, men at det har vore eit syndefall. Syndefallets verd er slik sett motsetningsfull og tvitydig.

Vi må ikkje sjå oss så blinde på «intelligensen» i dette nye fenomenet, at vi gløymer at det er «kunstig» og at  det berre er mennesket som er skapt i Guds bilete, og at det kristent sett er føresetnaden for ansvar. Det er del av mennesket sitt adelsmerke å vera ansvarleg, og dette ansvaret kan ikkje mennesket seia frå seg. Mennesket vil difor også stå ansvarleg for kunstig intelligens og det denne produserer. Mennesket kan altså ikkje overlata etikk og verdispørsmål, ideologi og livssyn til kunstig intelligens – og aller minst tru og forkynning. Ordet og nådemidla står i forhold til at mennesket er skapt i Guds bilete og står ansvarleg for Gud.

Johannes Kleppa