Det er for lite

Vi er i adventstida, og med det er det naturleg å vera oppteken med julebodskapen. Det er mange profetiar i GT om ein komande Herrens tenar, Messias. Det er også mange tekstar i NT om Jesu fødsel og oppfylling av lovnadene. Vi har ein tendens til å tenkja at juleevangeliet er Luk 2, 1-14, men det er mange fleire juletekstar enn denne. Tekstane er varierte, men det er frelse ved Jesus Kristus som er i fokus.

Vi har også ein tendens til å tenkja at misjonsbodskapen ligg i misjonsordren i Mat 28, 18-21, men det er svært mange fleire misjonstekstar enn denne. Den aller sterkaste misjonsbodskapen og misjonsordren ligg i sjølve forsoninga, som seier oss at frelsa er vunnen for alle menneske, og difor må evangeliet forkynnast for alle folkeslag – ja, til endane av jorda.

Ein av profetiane i GT ber i seg begge desse perspektiva – lovnad om ein Messias og misjon. Det er den andre av songane om Herrens tenar hjå profeten Jesaja. Denne profetien ber også i seg eit tredje element. Messias skal syta for at jødefolket på nytt vert samla i Israel og kjem i eit rett forhold til Gud. Denne songen sluttar med fylgjande ord frå Herren til tenaren sin (Jes 59,6):

«Det er for lite at du er tenaren min til å reisa oppatt Jakobs ætter og føra den frelste resten av Israel attende. Så vil eg då gjera deg til eit ljos for heidningefolka, så mi frelse må nå til enden av jorda.»

Det er ei svær oppgåve å samla det jødiske folket og vera frelsar for Israel, men det er for lite, seier Herren. Messias må også vera eit ljos til frelse for heidningefolka. Det er berre når evangeliet har nådd til enda av jorda, det er nok. Alt anna er form lite for frelsens Gud.

Det som er for lite for Herren, må også vera for lite for oss. Misjon må ha prioritet. Evangeliet har nådd langt, men ikkje langt nok. Det er framleis folkeslag som er unådde, og i folkeslag som har høyrt evangeliet, er dei fleste ufrelste. Dessutan er det slik at folk og land som for mange hundre år sidan, faktisk 2000 år sidan, fekk evangeliet, i dag er praktisk talt heilt avkristna og andre land er langt på veg til å verta det – ikkje minst Vest-Europa.

Misjon Sarepta har sitt særlege kall i land som er avkristna. I avkristna folk er det ofte vanskeleg å skap interesse for Gud og Guds ord, og det er ein lang veg å nå inn til hjarto med evangeliet. Det krevst forkynning, skulearbeid og diakoni, men ikkje minst tolmod og bøn.

Vi gjer klokt i å la dei fire orda «det er for lite» klinga i øyra og leva i hjarta denne advents- og juletida – og vi får be om at det skaper fornya misjonsengasjement.

Johannes Kleppa