Misjon – forsamlinga sitt DNA

Eg las nett ein reportasje i Dagen om Credokirken i Bergen, tidlegare Levende ord, som fyller 30 år. Dette er ei forsamling som har ei opprivande og turbulent historie bak seg, og det er nesten utruleg at forsamlinga har overlevd. Det er nokså stor forskjell på Credokirken og Misjon Sarepta, både når det gjeld teologisk profil, arbeidsomfang og arbeidsmåte – sjølv om forsamling har dempa sin teologiske profil i forhold til slik det var.

Det var likevel eitt moment som slo meg då eg las reportasjen, og som kan vera til lærdom både for Sarepta og andre, og der eg faktisk trur vi er litt like. Det gjeld forståinga av og vekta på misjon. Det er ein del av identiteten.

På spørsmål om kva som gjorde at forsamlinga overlevde den striden og avskallinga som skjedde, svarar ein av leiarane: «Vi holdt fast på noen av grunnpilarene i menighetens DNA.» I den samanhengen framhevar satsinga på misjon. Sjølv då forsamlinga var på konkursens rand og måtte ta opp eit stort lån, heldt dei oppe misjonsarbeidet utafor landets grenser. Han grunngjev det med at misjon «det er vårt DNA». Det vonar eg også kan seiast om Misjon Sarepta: «Misjon er Sarepta sitt DNA.»

Eg er på Centro Sarepta når eg skriv desse linene. Nett no er vi utan gjester og elevar på huset, ved at dei som var her, reiste i dag. Vi har to unge danske jenter som volontørar, og arbeidet går sin trufaste gang med undervisning på norsk eller nordisk. Vi driv oppsøkande arbeide rundt i Spania, digital undervisning på spansk, diakonalt arbeid i området og støttar misjonsarbeid i Nord-Afrika. Nokre gonger kan vi tenkja at det skjer for lite og at det kostar for mykje pengar, men då får vi tenkja som Credokirken: Misjon er vårt DNA.

Frå nyttår og fram til i sommar var den økonomiske utviklinga i organisasjonen vanskeleg. Det minka stadig på kontoen. Då var det lett å byrja å tenkja at vi måtte redusera arbeidet for å få økonomien til å gå i hop. I slike situasjonar er det ekstra viktig å minna seg på at misjon er sjølve DNA-et, og her kan vi altså læra av Credokirken. I løpet av sommaren snudde plutseleg den økonomiske situasjonen seg for Sarepta, slik at vi på nytt kunne våga å tenkja meir offensivt. Det verka som at Herren sette oss på ein økonomisk trusprøve, og så svarte han oss på ein måte som gjorde oss skamfulle for tankar som hadde byrja å ta tak i oss. Dette er vi takksame til Gud for, og til dei som svarte på Herrens kall til å gje.

Når det minkar på ressursar, anten det er folk eller pengar, er det fort gjort å prioritera det aller næraste, og nedprioritera det misjonsarbeidet som er lengst borte. Realiteten er at slik prioritering berre aukar problema, kort og godt fordi vi har gløymt at misjon er og skal vera alle kristne menneske og alle kristne forsamlingar sitt DNA.

Frå ei side sett er det sjølvsagt at misjon er ei forsamling eller ein kristen organisasjon sitt DNA, fordi det lærer Guds ord oss. I det verkelege livet er det langt frå like sjølvsagt, fordi vi lett let oss styra av eigne tankar og meiningar rundt oss, framfor av Herrens ord og vilje. Vi treng difor stadig å minna oss sjølve på dette og halda det fram i misjonsarbeidet. Det må vera ei stadig bønneoppgåve for Misjon Sarepta, at misjon er Sarepta sitt DNA.

Johannes Kleppa