Presset frå vår sekulariserte og rasjonalistiske kultur

Som kristne er vi under press frå ulike hald, og då tenkjer eg på ytre forhold som ber i seg ideologisk og åndeleg makt. Det sterkaste er truleg frå sekularisering med sin materialisme og rasjonalisme. Dette er så eitt med tidsånda og kulturen at vi ikkje alltid merkar presset, men vert ein naturleg del av utviklinga.

Vi tenkjer lett at det er det som skjer innan teologi og kyrkje som påverkar kristenfolket mest, og vi skal på ingen måte ta lett på det. Vi er likevel truleg meir merksame og medvitne på det området enn det som skjer på det generelle planet i samfunnet. Det som skjer av kulturell art, omkransar oss frå fødsel til død, ikkje minst gjennom undervisning og media.

Det skjer ei alvorleg påveknad frå liberal teologi og bibelkritikk, men vi som vil vera teologisk konservative og bibeltru, prøver i det minste å halda fast på sann lære og bibelforplikta tru og liv. Det skjer også ei sterk påverknad frå svermeri og usunn karismatikk, men også her prøver vi å halda fast på Skrifta åleine og sunn tru. Liberal teologi og svermeri er djupast sett av same karakteren, men frå motsett side. Begge deler løyser seg frå Bibelen som den endegyldige og forplikta openberringa.

Det er avgjerande viktig at vi held fast på den bibelske openberringa og let denne vera styrande for lære, tru og liv. Midt i at vi er oss dette medvitne, står vi i fare for å fjerna oss frå sann bibeltruskap, sunn tru og eit åndsfylt liv ved at vi umedvite tolkar Skrifta i lys av og ved hjelp av tankane i tida, og innrettar oss etter desse. Tidsånda med sin rasjonalisme og materialisme kan lett få oss til å redusera den åndelege og guddommelege dimensjonen til tilværet, slik at det er opplysningstida sine tankar som dominerer med sin naturvitskap og evolusjonisme.

Bakgrunnen for at eg skriv om dette no, er at eg nett har lese ei bok av Oddvar Søvik om sjukdom og helbreding. Eg skal melda boka i Dagen, og skal ikkje gå inn på henne her, men på ei utsegn knytt il boka. Tormod Engelsviken, som er pensjonert professor i misjonsteologi, skriv at ei slik innføring i «kirkens helbredende tjeneste», er «sårt tiltrengt i vår sekulariserte og rasjonalistiske kultur». Engelsviken kjenner godt både Bibelens bodskap om helbreding og den plassen dette har hatt og har i det globale misjonsarbeidet.

Eg merka meg Engelsviken si grunngjeving for at vi treng innføring i det Bibelen lærer om sjukdom, bønn og helbreding. Han nemner ikkje mangel på forkynning av dette, ubibelsk teologi på dette området eller usunn praksis med negative sjelesørgeriske konsekvensar. Det kunne han ut frå sin teologiske ståstad heilt sikkert ha gjort. Det han peikar på, er den sekulariserte og rasjonalistiske kulturen som vi lever i, og som hindrar oss i å praktisera det Bibelen lærer på dette området. Det sit faktisk nokså langt inne å erkjenna at dette skjer, fordi vi vil vera bibeltru også på dette området. Dessutan skjer det umedvite og gjerne på tross av at vi har ei bibelsk rett lære om helbreding.  

Professoren sin sats traff meg før eg byrja lesa boka, og på mange måtar vart det stadfest gjennom lesinga. Vi er redde for å gå inn i ein usunn karismatisk praksis og enda reddare for å opptre med herlegdomsteologi som vil tvinga Gud, men er vi tilsvarande redde vår innebygde rasjonalisme og mistillit til Gud? Let vi oss styra av åndeleg frykt på ein slik måte at det er rasjonalismen og materialismen som styrer oss? Er vi meir sekulariserte enn vi er åndsopplyste når det gjeld forkynning og bønn om helbreding? Er trua meir knytt til skulemedisinen enn til guddommeleg helbreding? Eg stiller berre spørsmålet, men eg er redd eg veit svaret for min del.

Johannes Kleppa