Kirkens Grunn – 1942 og 2022

Første påskedag er den dagen kyrkja står og fell med. Jesu oppstode er avgjerande for at Jesus var Guds Son og at forsoningsverket på Golgata var fullkome. Det store spørsmålet påskedagsmorgonen var altså om Jesus ville stå opp frå dei døde, eller om han ville verta verande i grava. Rett nok hadde ikkje dei som var på Golgata og såg Jesus døy, forstått dette. Kvinnene gjekk til gravhagen for å sjå til grava, men dei møtte den oppstadne. Då læresveinane høyrde det, vart dei forvirra.

Apostelen Paulus gjer likevel utvetydig klart at dersom Jesus ikkje er oppstått, er trua vår ganglaus og vi er falske vitne. Men så slår han fast at Jesus er oppstått, og han fører mange grunnar for at det er eit faktum. Kristentrua står og fell med første påskedag.

Det er tankevekkande at det var nett første påskedag prestane i Den norske kyrkja (Dnk) under siste verdskrigen brukte til å gjera kjent vedkjenningsskriftet Kirkens Grunn. Alle biskopane stod bak dette dokumentet, og over 90 prosent av prestane las det opp under gudstenesta første påskedag 1942, og erklært at dei la ned den statlege delen av presteembetet. Dei ville halda fram med alt som ikkje var knytt til staten, og i praksis var det berre ekteskapsvigsel og å opna statleg post dei avstod frå, samt avstod frå statleg lønn. Det er altså påskehelga for 80 år sidan dette skjedde, og det er grunn til å reflektera litt rundt denne hendinga, og den tenkinga som låg bak.

Den norske kyrkje stod heilt i fronten i kampen mot nazismen og nasjonalsosialismen. Utan det vi kallar «kyrkjekampen» ville det vore nesten umogleg å hindra at land og folk vart ideologisk indoktrinert. Det stod særleg om to ting, oppsedinga og opplæringa av barn og unge og kyrkja si forkynning. Desse to sidene hang nokså tett saman, ved at grunnlova påla alle som var medlemmar i Dnk å oppseda borna i samsvar med evangelisk luthersk lære, og det låg til grunn for undervisninga i skulen.

Kirkens Grunn hadde sitt feste i den lutherske toregimentslæra, som seier at Guds styrer på to måtar eller ved to regiment. Gjennom det verdslege regimentet, altså ved styresmakta, styrer Gud dei borgarlege tinga eller det som gjeld livet her på jorda. Gjennom det åndelege regimentet, altså kyrkja eller den kristne forsamlinga, styrer Gud i det som gjeld trua og dei åndelege spørsmåla, altså alt som har med samvit, overtyding og æva å gjera. Begge regimenta er Guds, men dei skal ikkje blandast saman, heller ikkje skal det eine få makt over det andre.

Under krigen ville både okkupasjonsmakta og den nasjonalsosialistiske regjeringa overstyra folk si tru og overtyding. Det skulle skje via skulen ved at borna vart oppseda i «den nye tida», og ved at kyrkja ikkje la seg bort i livssynsmessige og ideologiske spørsmål. Kyrkja sette foten ned for dette, og hevda forkynninga sin fridom. Kyrkja hevda også foreldreretten og lærarane si forplikting på kristen oppseding. Med det la kyrkja også det prinsipielle grunnlaget for lærarkampen.

Alt dette, og mykje meir, var svært tydeleg og prinsipielt formulert i Kirkens Grunn. Dette spesielle vedkjenningsskriftet har med det mykje sakleg og prinsipiell tenking som er aktuelt også i 2022. Ideelt sett burde Kirkens Grunn etter krigen vorte innlemma blant Dnk sine vedkjenningsskrift. Det kunne ha vore til stor hjelp i dei ideologiske kampane tidsånda førte med seg. Både den frie forkynninga og den foreldrebaserte oppsedinga må vi til ei kvar tid kjempa for, anten motstanden kjem frå styresmakta eller tenkinga i tida. Der makta skiljer lag med retten, går det alltid mot tyrani.

Kampskriftet for den bibelsk orienterte forkynninga og den kristne oppsedinga, vart altså lagt fram på første påskedag, kristendommens hovuddag. Det bør vera eit signal for vår kamp for kristen tru og tenking.

Johannes Kleppa