Vanlegvis er det vondt å kjenna seg utafor, anten det er fordi andre ikkje vil ha noko med ein å gjera eller ein kjenner seg åleine i sin livssituasjon. Her på Centro Sarepta her eg dei siste fjorten dagane kjent meg utafor på ein god måte, men då er grunnen ein heilt annan enn det som som eg nemnde ovafor. Eg er språkleg utafor – og det utaforskapet opplevest faktisk godt, mot slik det normalt er med ikkje å forstå språket rundt ein.
Det har seg slik at den første tida på Centro Sarepta var vi relativt mange norske, og slett ikkje alle kunne spansk. Difor gjekk praten rundt lunsjbordet stort sett på norsk, og så sat det ein spansktalande eller to og ikkje forstod eitt ord. Den eller dei var utafor på ein negativ måte. Når vi skal driva misjon for spansktalande må sjølvsagt dei spansktalande vera innafor ved at dei kan språket, altså at det vert snakka spansk.
No er det motsett. Når vi er samla rundt lunsjbordet, går samtalen på spansk – og så sit eg der og ikkje forstår eit ord, om ikkje ein eller annan fortel meg kva det vert snakka om. Eg smiler i skjegget, og tenkjer at det er nett slik det skal vera, at samtalen går på spansk og eg som ikkje har lært meg språket er utafor. Det er dette eg opplever som det gode utaforskapet.
Vi har seks tilsette i Spania, der fem – av dei to norske- snakkar flytande spansk, og den sjette klarer seg langt på veg på spansk han også. Vi arbeider også med å tilsetja fleire i Spania både med tanke på diakoni og undervisning og forkynning. Vi vonar også det vert spansktalande frå dag ein.
Språk er ei merkeleg sak. Det skaper både innaforskap og utaforskap. Det set grenser mellom folk, og det er som ei bru mellom menneske. Språk har alltid eksistert, og det språket ein vert fødd inn i, lærer ein automatisk, om det ikkje er særlege forhold som hindrar det. Andre språk må ein læra.
Språket stammar frå Gud. Den treeinige Gud har i alle æver «snakka med seg sjølv». Gud er ein Gud som kommuniserer, og med det skaper samfunn. Då Gud skapte mennesket, skapte han det i sitt bilete, og med det skapte han mennesket med språk. Gud skapte mennesket slik at han kunne kommunisera med mennesket gjennom tale. Gud kunne tiltala mennesket, og mennesket kunne svara, og på det same språket kunne mennesket snakka med kvarandre, og slik ha samfunn både med Gud og menneske.
Ved syndefallet vart det umiddelbare samfunnet Gud og menneske hadde med kvarandre, øydelagt, og ved språkforvirringa i Babel, vart det også språklege grenser mellom folk. Språket er der like fullt ut frå at vi er skapte i Guds bilete. Det er utgangspunktet for at Jesus er kalla Ordet og at Gud brukar Ordet for å få kontakt med folk. Ja, at Ordet kan vera nådemiddel.
Det største ved Ordet er at mennesket ved det kan koma frå utaforskap til innaforskap i forhold til Gud. Det gode med språket er at det skaper samfunn.
Men nett no opplever eg altså det gode også i språkleg utaforskap, fordi det vitnar om at spansk tale skaper innaforskap, skaper kontakt mellom menneske, og med det legg til rette for kontakt også med Gud.
Johannes Kleppa
foto: Adobe Stock